Spansk grammatikk


Spansk er eit språk med stor grammatikalsk formrikdom. Det har to kjønn og eit verb har om lag femti bøyingsformer i båe modusane, men ingen kasus og ei avgrensa pronomenbøying.

Det kongelege spanske språkakademiet (La Real Academia Española) har vanlegvis fastsett reglane for det spanske språket, men sidan 1960-talet har det mista mykje av vørdnaden sin. Denne artikkelen gjer først greie for dei formelle standardreglane i spansk grammatikk, og deretter i detalj avvik frå desse reglane, som ein kan finna i lokale eller kvardagslege variantar av språket.

Substantiv endre

Kjønn endre

Alle spanske substantiv høyrer til eitt av to grammatiske kjønn: hannkjønn (maskulinum) eller hokjønn (femininum). Dei fleste adjektiva og pronomena, og alle artiklane og partisippa som står til eit substantiv, viser til kjønnet til substantivet.

I setninga «Store bord er finare», må ein i den spanske omsetjinga, Las mesas grandes son más bonitas, nytta ord som samsvarar med kjønnet til substantivet. Substantivet, mesa («bord»), er hokjønn på spansk. Difor må artikkelen òg vera i hokjønnsforma, la istadenfor el (som er hannkjønnsforma). Likevel, mesas står her i fleirtal (pluralis), så me må nytta forma las istaden for la. Dei to adjektiva, anten dei står som bestemmingsord (det vil seia, rett før eller etter substantivet) eller om dei står som predikativ (etter verbet), må desse òg bøyast i samsvar med substantivet. Grande er eit ord som har lik form i båe kjønna, så til det legg me berre fleirtalsendinga «-s»: grandes. Bonito er derimot eit ord som ein bøyer både i kjønn og tal, så forma bonitas samsvarar med mesas.

Substantivtypar endre

Substantiv kan ein gruppera i desse kategoriane:

  • Om dei skildrar menneske eller dei fleste husdyra:
    • Substantiv som har ulike former i dei ulike kjønna. Hokjønnsforma lagar ein ved å leggja til a eller å byta ut den siste vokalen med a. Døme: el profesor/la profesora (læraren), el presidente/la presidenta (presidenten), el perro/la perra (hunden/(tispa)).
    • Substantiv som har same form i båe kjønna (på spansk, sustantivos de género común - «substantiv med sams kjønn»). Hokjønnsforma og hannkjønnsforma er identisk: el artista/la artista (artisten), el testigo/la testigo (vitnet), el estudiante/la estudiante (studenten).
    • Substantiv som berre har eitt grammatisk kjønn, uavhengig av kva kjønn dei måtte nemna: el personaje (personlegdom, person), la visita (gjesten).
  • Om de skildrar ville dyr (eller enkelte typar husdyr):
    • Substantiv som har to heilt ulike ord til å nemna dyr av ulike kjønn: el toro/la vaca (oksen/kua), el caballo/la yegua (hingsten/merra).
    • Substantiv som skildrar både hannkjønn og hokjønn. Kjønnet syner ein ved å leggja til orda macho (hann-) eller hembra (ho-). Døme: la jirafa macho (hannsjiraffen), la jirafa hembra (hosjiraffen), el rinoceronte macho (hanneshornet), el rinoceronte hembra (honeshornet).
  • Substantiv som skildrar livlause ting:
    • Hannkjønn (eller maskulinum): el pan (brødet).
    • Hokjønn (eller femininum): la leche (mjølka).
    • Substantiv der somme nyttar hannkjønn, medan andre nyttar hokjønn (kallast sustantivos ambiguos på spansk). Båe kjønn er godtekne: Internet (internett), red (nett), linde (grense) og azúcar (sukker). Mar (hav) er eit særdøme. Det står vanlegvis i hannkjønn, men i poesien og på sjømannsmål er det eit hokjønnsord. Arte (kunst) står vanlegvis i hannkjønn i eintal, men er ofte eit hokjønnsord i fleirtal.
    • I somme døme har det same ordet ulik tyding etter kva kjønn det står i, som el capital (kapitalen) og la capital (hovudstaden).

Merk at substantiv som endar på -e og som viser til personar nokre gonger kan skifta ending, som presidente/a (president), medan andre står uendra, til dømes estudiante (student). Som ein tommelfingerregel (med mange unntak) kan ein seia at substantiv som viser til stillingar som tradisjonelt har vore dominert av menn, ofte kan skifta ending.

Å slå fast kjønnet etter endingane endre

Nesten alle substantiv som endar på -o er maskuline. Eit av dei få unntaka er ordet mano («hand»). Substantiv som sluttar på -a er vanlegvis feminine. Substantiv som sluttar på andre vokalar og konsonantar er nokre gonger hannkjønnsord, og andre gonger hokjønnsord. Spesielt mange vanlege endingar er feminine, som -ción, -dad, -ez (som i orda la nación (nasjonen), la soledad (einsemda), la vejez (alderdommen).

Ei lita gruppe av ord som er av gresk opphav og som endar på -ma er hannkjønnsord: problema (problem), lema (lemma, motto), tema (tema, emne), sistema (system), telegrama (telegram) osv. Grunnen til at desse orda som sluttar på -a er hannkjønnsord, er at dei også var hannkjønnsord på gresk.

Eit utanlandsk lånord kan:

  • Ta kjønnet det hadde i opphavsspråket (slik som i dømet ovanfor), og ein reknar inkjekjønn som hannkjønn. Slik er det òg ofte med ord av engelsk opphav, som jo ikkje har noko kjønn.
  • Ta kjønnet det ser ut til å ha (til dømes la Coca-Cola av di det endar på -a)
  • Ta kjønnet til det ordet i det spanske språket som ligg nærast (til dømes la Guinness av di det er ei form for la cerveza (ølet))

Kjønnet til eigennamn endre

Namn på personar endre

Namn på personar samsvarar med kjønnet til personen, sjølv om namnet ser ut til å vera av det motsette kjønnet:

  • Chema es guapo
  • Amparo es guapa
Namn på busetnader endre

Valet av kjønn varierer. En kan velja å sjå det på tre ulike måtar:

  • Dei er hokjønnsord om dei endar på -a, elles er dei hannkjønnsord:
    • la Barcelona de Gaudí
    • el Londres de Dickens
  • Dei vert bøygde etter eit tenkt ord, el pueblo (landsbyen, bygda) eller la ciudad (byen, tettstaden):
    • Nueva York (by)
    • la antigua Cartago (by)
    • Fraga es pequeño (landsby)
  • Dei er alltid hannkjønnsord: (denne bruken kan for mange synast feil)
    • Barcelona no es pequeño
    • Londres no es pequeño

I døme New York, er Nueva ein fast del av namnet og ein kan difor ikkje gjera han maskulin, medan New Mexico vert omsett med Nuevo México av di México er eit hannkjønnsord.

Elvar endre

Elvar er hannkjønnsord av di ordet som ligg til grunn, río (elv) er eit hannkjønnsord, men lokalt kan somme elvar reknast som hokjønnsord. Døme:

  • el [río de la] Plata
  • el [río] Támesis (Themsen)
  • el [río] Tajo
  • el [río] Colorado (Coloradoelva)
  • el [río] Cinca / la Cinca (i dei aragonesiske Pyreneane)

Diminutiv og suffiks endre

Ein kan laga spanske substantiv ved å leggja til eit omfattande sett av suffiks (endingar) til eksisterande substantiv og adjektiv.

Diminutiv (minskingsord) er eit døme på ei gruppe av suffiks. Dei uttrykkjer «småleik». Det vanlegaste spanske diminutivet er -it. Det føyer ein inn mellom substantivstamma og sluttvokalen:

  • plantaplantita (plante → liten plante)
  • vasovasito (glas → lite glas)
  • niñoniñito (gut → smågut)

Når ordet endar på ein -n, vert -it- til -cit-. Deretter følgjer vokalane -a (dersom det er eit hokjønnsord) eller -o (dersom det er eit hannkjønnsord):

  • botónbotoncito
  • CarmenCarmencita

Når stammeordet endar på z, legg me til ein e før -cit- (legg merke til at skrivemåten endrar seg): pezpececito. Når ordet endar på andre vokalar enn n og z, er reglane meir uklåre: azúcarazuquítar eller azuquita.

Lokale former endre

Regionale dialektar avgjer ofte valet av diminutivsform, og påverknaden frå andre romanske dialektar kan òg ha mykje å seia. Danna talarar som i formell tale nyttar -ito eller ingen diminutiv i det heile, kan ofte nytta lokale diminutivsvariantar for å verka vennlegare, eller for å «krydra» språket sitt litt.

Så istadenfor standarddiminutivet -ito, kan du møta på:

Ein del gammaldagse former finn ein til dømes i: burro (esel) → borrico (esel - opphavleg tydde ordet «eit lite esel»), Venecia (Venezia) → Venezuela (Venezuela, eigentleg «lille Venezia»).

Adjektiv endre

  • Nokre av adjektiva har to former, ei for hankjønn og ei for hokjønn.
    • Hos dei med to endar hokjønnnsforma-a, og hankjønnsforma-o. Døme: rojo / roja raud.
      • Visse nasjonalitetsadjektiv har parallele endingar: Døme: español / española spansk, alemán / alemana tysk, francés / francesa fransk.
    • Dei fleste adjektiva har likevel berre ei form. Desse endar på -e eller konsonant. Døme: verde grøn, azul blå, feliz lukkeleg, joven ung.
  • Fleirtal blir danna etter same regel som for substantiv: rojos / rojas, españoles / españolas, alemanes / alemanas, franceses / francesas, verdes, azules, felices, jóvenes.
  • Adjektivet står etter substantivet det modifiserer. Døme: De pronto vimos una casa roja. Plutseleg såg vi eit raudt hus.
    • Eit adjektiv som blir brukt til å klassifisere står som regel foran substantivet. Døme: la blanca arena de Cancún Cancúns kvite sand.
    • Visse adjektiv står alltid foran substantivet. Døme: los altos precios dei høge prisane, una pequeña duda ein liten tvil.
  • I den maskuline formene av bueno und malo fell -o: bort når adjektivet står foran substantivet: buen hombre god mann, mal día dårleg dag. Det same gjeld for (adjektiviske) ordenstal primero og tercero: primer tiempo første omgang, tercer gol tredje mål (i fotball).
  • Kongruens. Adjektivet kongruerer i tal og genus med substantivet eller pronomenet som det modifiserer. Døme: unas bicis caras dyre syklar; las bicis eran caras syklane var dyre; „nosotras estábamos muy nerviosas“, dijeron las señoras „vi var svært nervøse“, sa damene.

Determinativ endre

Pronomen endre

Pronomen blir bøygde etter kjønn og tal. Personlege pronomen som subjekt blir som regel utelatne både i munnleg og skriftleg spansk, som difor blir rekna som eit pro-drop-språk.

Preposisjonar endre

Anna endre

Lokale variantar endre

Bakgrunnsstoff endre

Referansar endre