Spælsau

(Omdirigert frå Spelsau)

Spælsau, kjent som Old Norwegian Short Tail Landraceengelsk, er ein noko modifisert, norsk sauerase som mange meiner er den opphavlege sauerasen i Noreg. Sauen er godt tilpassa klimaet i Noreg og kan sporast tilbake til jarnalderen. Spælsauene er i dag utbreidde over heile landet og heile 22 % av dyra tilslutta sauekontrollen er spælsau. Islandske sauer er svært nært i slekt med spælsauen.

Spælsau
Lam av spælsau.

Spælsauen er liten og spedbygd, men han er hardfør og fruktbar. Søyene mjølkar godt og tek godt vare på lamma. Ulla består av fin botnull og lengre, grov dekkull.

Historie endre

Spælsauen er ein sauerase som er framalt med grunnlag i det gamle norske saueslaget. Dei opphavlege nordeuropeiske sauene var småvorne, med kort hale, farga tolags ull med grov ytterull og horn — mykjegodt likt norsk utegangarsau («villsau») og dei færøyske og islandske sauene. Desse sauene var tilpassa forholda som stort sett hadde vore uendra over fleire tusen år. På 1700-talet kom den industrielle revolusjonen og endra samfunnet — først i Storbritannia, og seinare over heile verda. Spinnemaskinene var de første industrielle maskinene, og da dei vart tekne i bruk vart det skapt eit stort behov for ull. Ulla til den gamle korthalesauen var relativt dårleg eigna til maskinell ullgarnproduksjon, og utover 1800-talet dreiv engelskmennene systematisk framaling av sauerasar med mjukare og meir lettspunnen ull. Desse nye rasane erstatta delvis dei gamle rasane, og dei blanda dei òg inn i dei gamle sauerasane for å gjera ulla deira betre etter standarden i samtida. Resultatet var at den reinrasa gammalsauen var i ferd med å forsvinne. Norske saueslag som dalasau, steigarsau og fuglestadsau er eksempel på blandingssau som har vorte fiksert og framolne som eigne rasar i sterke sauemiljø.

Etter 1900 var det lite att av den gamle norske sauen. Berre i isolerte fjellbygder, på nokre av øyane i Sunnhordland og i Finnmark fanst det reine flokkar. For å berge restane kjøpte staten i 1912 inn sauer frå flokkar i Hylestad og Valle i Setesdalen og frå øya Hyfteren i Sunnhordland. Sauene frå Hyfteren var utegangarsau som ikkje var fôra inne på minst 200 år, mens setesdalssauen vart halden inne om vinteren. Sauene vart fordelte på to avlsstasjonar — éin ved kysten på Hidle i Ryfylke og éin på Løyland i Valle kommune. Desse stasjonane fekk 30 dyr kvar. Det er usikkert kor ulik kyst- og innlandsspælen var, men setesdalssauene var jamt over kvite, mens kystspelen hadde fargar som vi forbind med det vi kallar utegangarsau eller villsau i dag. Ein annan forskjell var at alle bekrane og dei fleste søyene frå Hyfteren hadde store horn mens setesdalssauen for det meste var kolla.

På avlsstasjonane gjorde planmessig al og betre fôring at vektene auka mykje. Dei norske sauene var i utgangspunktet små med søyevekter mellom 20 og 30 kg. Dette var ikkje i tråd med idealet i samtida, så ein valde å krysse inn færøysauer i 1920, og seinare islandske bekrar for å auke storleiken. Sporadisk kryssing med finnsau, leicestersau, svartfjessau og gotlandssau skjedde òg, men desse har hatt liten innflytnad.

Eigenskapar endre

Idealvekta for søyer etter vår tids standard for spælsauen er kring 65–70 kg.

Spælsauen er opphavleg kompakt og lettbygd og treng lite kraftfôr. Kjøtet har relativt lite feitt. Spælsauen mjølkar godt, går godt i flokk og greier seg for det mest bra ute. Spælsauer er likevel meir utsette for sjukdommen alveld enn andre sauerasar. Sauene pådreg seg denne sjukdommen ved å eta myrplanten rome.

 
Toslått spælsaugarn farga med plantar.
Foto: Frode Inge Helland

Utnytting endre

Spælsauen gjev mjølk og kjøt av god kvalitet. Ulla på spælsauen er ulik dei nyare sauerasane. Ho har to tydelege lag: Eit langhåra, glansfylt og bølgjande lag med dekkull som vernar mot vind og vêr, og eit underliggjande lag (botnfell) som held sauen varm.

Dei lange dekkhåra blir blant anna bruka til vevtråd som er hardt spunnen med to trådar i staden for tre, noko som gjev ein fin glans i tråden. Dette garnet vart bruka i dei gamle bildeteppa frå norsk renessanse og barokk. Segla åt vikingane var av garn frå forgjengarane åt spælsauen. Ulla vart mykje bruka til klede i gammal tid ettersom ho er lett og tek til seg lite fukt.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Spælsau