Steinavær er ei øygruppe i Harstad kommune i Troms. Øygruppa ligg i Andfjorden, mellom Senja og Andøya, og nord for dei større øyane i Bjarkøy. Den største øya i øygruppa er Styrmannsholmen. Steinavær hadde fast busetnad til 1912, og vart heilt avfolka i 1914.

Steinavær er verna som landskapsvernområde. Mellom 1. mai og 15. juni er det forbod mot å gå i land på alle holmar og skjer i fredingsområdet, bortsett frå Styrmannsholmen, der ferdsel er lov heile året. Ved Steinavær finst eit stort korallrev. [1]

Historikk endre

Rundt førre hundreårsskifte var Steinavær mykje brukt som fiskevær under vår- og sommarfisket. I 1897 vart øygruppa Ytre Steinavær kjøpt opp av Statens Havnevesen for å kunne hente ut stein til molobygging. Prisen var kr 2000. Frå her vart det henta ut enorme mengder av steinblokker på mellom fem og ti tonn som vart frakta med prammar til moloanlegga på Andenes i Andøy. Det var hamnevesenet sin dampbåt «Andenæs» som trekte prammane. Dette uttaket av steinblokker hadde pågått ei tid i førevege og det var eit etablert steinbrot med ekspertise og tilstrekkeleg kapasitet før hamnevesenet kjøpte øygruppa. Det vart òg frakta stein heilt til Segelvik i Kvænangen i Nord-Troms – ein avstand på over 40 norske mil frå Steinavær. I Segelvik vart det bygd ein molo på vel 40 meter lengde, medan moloanlegget på Andenes var rundt 450 meter. Arbeida på begge stadane vart leia av driftsingeniør A. Dorph.

Kjelder endre

  1. arkivkopi (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 30. september 2007, henta 15. april 2008 

Bakgrunnsstoff endre