Steinsmett

fiskeart
Steinsmett
Steinsmett
Steinsmett
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Orden: Piggfinnefiskar Perciformes
Familie: Ulkefamilien Cottidae
Slekt: Cottus
Art: Steinsmett C. poecilopus
Vitskapleg namn
Cottus poecilopus

Steinsmett (Cottus poecilopus) er ein liten ulkefisk som finst på steinbotn i kaldt ferskvatn. Arten finst spreidd utbreidd i Nord-Europa frå Aust-Noreg i vest til Kolyma og Amur i Asia i aust.

Arten var tidlegare vanleg å bruka som agnfisk, og særleg større aure skal vera hissig til å bita på. I dag er det derimot forbode med levande agn.

Kjenneteikn endre

Steinsmetten er ein langstrakt, relativt flattrykt fisk med stort og breitt hovud og smal halerot. Sidelinja sit ganske langt oppe på kroppen, men er ufullstendig og rekk ikkje lenger attende enn til gattfinna. Fargen er brunspragla i kamuflasjemønster på oversida og nesten kvit på undersida.

Arten har to ryggfinnar og særs lange finnestrålar i bukfinnane. Han skil seg frå andre Cottus-artar ved å ha breiare skjelpiggar.

Maksimallengda er rundt 15 cm.

Levesett og økologi endre

Steinsmetten finst helst på stein- og grusbotn i elvar med monaleg sterk straum. Dei heldt òg gjerne til på grunt vatn i innsjøar, ofte under steinar. Fisken kryp nesten meir enn han sym, der han heldt seg tett inntil botnen. Dette hindrar han ikkje i å vera dyktig til å flytta seg både oppstraums og nedstraums.

Kosthaldet omfattar mykje algemateriale, men òg insektlarvar, muslingar, krepsdyr, rogn og småfisk. Ein trudde lenge arten åt nyklekt aureyngel, men dette er lite sannsynleg. Det er likevel sikkert at han tek ein del aure-rogn og yngel med plommesekk. I tillegg et steinsmetten mykje yngel frå stingsild og frå andre steinsmettar.

Kjelder endre

  • Sandlund, Odd Terje: «Ulkefisker» i Norges dyr - fiskene 1 Cappelen 1992
  • FishBase

Bakgrunnsstoff endre