Opna hovudmenyen
Stephen Stills 2
Studioalbum av Stephen Stills
Utgjeve 30. juni 1971
Sjanger Folkrock, rock
Lengd 43:02
Selskap Atlantic
Produsent Stephen Stills, Bill Halverson
Stephen Stills-kronologi
Stephen Stills
(1970)
Stephen Stills 2 Manassas
(1972)


Stephen Stills 2 er det andre soloalbumet til Stephen Stills, gjeve ut på Atlantic Records i 1971. Det nådde åttandeplassen på Billboard 200 og selde til gullplate i USA.[1][2] Det vart gjeve ut to singlar frå albumet, som begge akkurat ikkje klarte å gå inn på topp 40 på Billboard Hot 100-lista: «Change Partners» nådde 43. plassen og «Marianne» 42. plassen.[3]

InnhaldEndra

Stills hadde alt framført «Bluebird Revisited» på turné med Crosby, Stills, Nash, & Young i 1969. Stills drog ut på The Memphis Horns-turneen sommaren 1971 for å marknadsføre albumet med medlemmar frå The Memphis Horns i lag med CSNY-bassisten Calvin Samuels og CSNY-trommeslagaren Dallas Taylor. Seinare spelte han inn to av songane på albumet på ny: «Singin' Call» i 1991 på albumet Stills Alone og «Word Game» i 2013 for eit album med blues-supergruppa The Rides.

MottakingEndra

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic     [4]
The Village VoiceC[5]

John Mendelsohn frå Rolling Stone skildra Stills som «ein solid annanrangs artist som så mange lågare gjennomsnittsmenneske insisterer på er førsteklasses.» Han skildra vidare musikken hans etter Buffalo Springfield som «femtegrads nytingssjuk». Om Stephen Stills 2 skreiv han «tekstane på Stills 2 er trivielle, kvalmt innbilske og rett og slett støytande om ein annan. Musikken er heilt klar matt og karakterlaus, og produksjonen av heile greia er så langt frå å ikkje vere tapt bak ei vogn at ein må kjempe hardt for å få eit inntrykk av framføringa.»[6]

InnhaldEndra

Alle songar er skrivne av Stephen Stills, utanom der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Change Partners»   3:13
2. «Nothin' to Do But Today»   2:40
3. «Fishes and Scorpions»   3:13
4. «Sugar Babe»   4:04
5. «Know You Got to Run» (Stills, John Hopkins) 3:50
6. «Open Secret»   5:00
Side to
# Tittel Lengd
7. «Relaxing Town»   2:20
8. «Singin' Call»   3:01
9. «Ecology Song»   3:22
10. «Word Game»   4:13
11. «Marianne»   2:27
12. «Bluebird Revisited»   5:23

MedverkandeEndra

med The Memphis Horns

KjelderEndra