Manassas av Manassas

Manassas
Studioalbum av Manassas
Utgjeve 12. april 1972
Innspelt Criteria Sound Studios, Miami, Florida
Sjanger Countryrock, rootsrock, bluesrock, folkrock, southern rock
Lengd 71:57
Selskap Atlantic Records
Produsent Stephen Stills, Chris Hillman, Dallas Taylor
Stephen Stills-kronologi 
Stephen Stills 2
(1971)
Manassas Down the Road
(1973)
Manassas-kronologi
Manassas Down the Road
(1973)


Manassas er debutplata til bandet Manassas, som Stephen Stills skipa og dreiv, frå 1972.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 stars[1]
Robert Christgau(C+)[2]

«It Doesn't Matter» vart gjeven ut på singel og nådde 61. plassen på singellista i USA. Bill Wyman frå The Rolling Stones spelte bass på og var medlåtskrivar på «The Love Gangster» og det er blitt sagt at han ønskte å slutte i Rolling Stones for å bli med i Manassas.[1]

Manassas markerte eit comeback hos kritikarane for Stills og Allmusic kalla det eit «sprellande meisterverk»[1] og Rolling Stone sa det var «tryggande å sjå at Stills framleis har god musikk i seg».[3]

Salslister endre

Albumet debuterte på Billboard Top LP-lista i veka som enda 29. april 1972 og klatra til slutt til fjerdeplassen[4] i juni. Stills delte Topp 10 med eit album av David Crosby og Graham Nash (Graham Nash David Crosby) og eit album av Neil Young (Harvest), som alle spelte i lag i kvartetten Crosby, Stills, Nash & Young.

Albumet med i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[5]

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Stephen Stills, utanom der andre er nemnde.

Side ein – The Raven
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Song of Love» 3:28
2.«Medley
  • Rock & Roll Crazies
  • Cuban Bluegrass»

  • Stills, Dallas Taylor
  • Stills, Joe Lala
  • 3:34
    3.«Jet Set (Sigh)» 4:25
    4.«Anyway» 4:21
    5.«Both of Us (Bound to Lose)»Stills, Chris Hillman3:00
    Side to – The Wilderness
    Nr.TittelLengd
    6.«Fallen Eagle»2:03
    7.«Jesus Gave Love Away for Free»2:59
    8.«Colorado»2:50
    9.«So Begins the Task»3:57
    10.«Hide It So Deep»2:44
    11.«Don't Look At My Shadow»2:30
    Side tre – Consider
    Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
    12.«It Doesn't Matter»Stills, Hillman, Rick Roberts2:30
    13.«Johnny's Garden» 2:45
    14.«Bound to Fall»Mike Brewer, Tom Mastin1:53
    15.«How Far» 2:49
    16.«Move Around» 4:15
    17.«The Love Gangster»Stills, Bill Wyman2:51
    Side fire – Rock & Roll Is Here to Stay
    Nr.TittelLengd
    18.«What to Do»4:44
    19.«Right Now»2:58
    20.«The Treasure (Take One)»8:03
    21.«Blues Man»4:04
    Total lengd:71:57

    Medverkande endre

    Andre medverkande endre

    • Sydney George (på The Raven og The Wilderness) - munnspel
    • Jerry Aiello (på The Raven og The Wilderness) - piano, orgel, elektrisk piano, clavinet
    • Roger Bush - akustisk bass
    • Bill Wyman (på The Raven og The Wilderness) - bass
    • Roger Bush (på The Raven og The Wilderness) - akustisk bass
    • Byron Berline - fele
    • Jerry Garcia - pedalsteelgitar

    Kjelder endre

    1. 1,0 1,1 1,2 Caldwell, Rob. Manassas av ManassasAllmusic. Henta 16. januar 2019.
    2. Christgau, Robert. «Stephen Stills > Consumer Guide Reviews». Robert Christgau. Henta 16. januar 2019. 
    3. Scoppa, Bud (25. mai 1972). «Manassas / Graham Nash David Crosby > Album Reviews». Rolling Stone (109). Arkivert frå originalen den 2. oktober 2007. Henta 14. januar 2019. 
    4. Manassas av ManassasAllmusic. Henta 16. januar 2019.
    5. Robert Dimery; Michael Lydon (7. februar 2006). 1001 Albums You Must Hear Before You Die: Revised and Updated Edition. Universe. ISBN 0-7893-1371-5.