Stephen Stills av Stephen Stills
Stephen Stills Studioalbum av Stephen Stills | ||
Utgjeve | 16. november 1970 (USA) 27. november 1970 (Storbritannia) | |
Innspelt | Juni og juli 1970 | |
Studio | Island Studios i London; The Record Plant i Los Angeles; Wally Heider Studios i Los Angeles | |
Sjanger | ||
Lengd | 38:56 | |
Selskap | Atlantic | |
Produsent | Stephen Stills, Bill Halverson | |
Stephen Stills-kronologi | ||
---|---|---|
Super Session (1968) |
Stephen Stills | Stephen Stills 2 (1971)
|
Stephen Stills er det første soloalbumet til den amerikanske musikaren Stephen Stills gjeve ut på Atlantic Records i 1970. Det er eit av fire høgprofilerte album som kvart av medlemmane i Crosby, Stills, Nash & Young gav ut i 1970 etter albumet Déjà Vu. Stills dediserte albumet til Jimi Hendrix, som døydde to månader før albumet kom ut i butikkane.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Robert Christgau | (C+)[2] |
Innhald
endreStills har med seg ei lang rekkje kjende gjestemusikarar, inkludert John Sebastian, David Crosby og Graham Nash, som medverka med vokal. Ringo Starr speler trommer på to songar under pseudonymet «Richie»,[3] som han òg brukte då han spelte på albumet London Sessions av Howlin' Wolf, som vart spelt inn i England same året. I tillegg spelar både Eric Clapton og Jimi Hendrix gitar på kvar sin song, så dette er det einaste albumet der begge desse to gitaristane deltek på.
Songen «We Are Not Helpless» vart feilaktig trudd å vere eit svar til Neil Young-songen «Helpless» frå Déjà Vu.[4] «Love the One You're With» er den største hitten Stills har hatt som soloartist, og nådde 14. plassen på Billboard Hot 100 den 19. desember 1970, og ein annan singel frå albumet, «Sit Yourself Down», nådde 37. plassen i mars 1971.[5]
Albumet nådde tredjeplassen på Billboard Top Pop Albums-lista[6] den første veka av 1971. Det kom ut på ny på WEA etter å ha blitt digitalt nymastra i 1995.
«We Are Not Helpless» og «Love the One You're With» vart først framført på konsert den 12. mai 1970 under Déjà Vu-turneen til Crosby, Stills, Nash & Young. I 2009 gav Crosby, Stills, & Nash ut Demos med ein tidleg demoversjon av «Love the One You're With».
Meldingane for albumet var blanda. Ed Ward skreiv i Rolling Stone då albumet kom ut at han følte albumet hadde ein «unnvikande» kvalitet, og sjølv om han ikkje mislikte albumet, og likte delar av det, meint han at det mangla noko «kjøt på beinet».[7]
I ei nyare melding kalla Allmusic albumet «ei måpande oppleving» som var nesten like bra som Crosby, Stills & Nash og Déjà Vu[1]
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Stephen Stills.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Love the One You're With» | 3:04 |
2. | «Do for the Others» | 2:52 |
3. | «Church (Part of Someone)» | 4:05 |
4. | «Old Times Good Times» | 3:39 |
5. | «Go Back Home» | 5:54 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Sit Yourself Down» | 3:05 |
2. | «To a Flame» | 3:08 |
3. | «Black Queen» | 5:26 |
4. | «Cherokee» | 3:23 |
5. | «We Are Not Helpless» | 4:20 |
Medverkande
endre- Stephen Stills – vokal, gitar, bass, piano, orgel, steeltromme, perkusjon; horn- og strykearrangement på «Church», «To a Flame» og «Cherokee»; elektrisk sitar på «Cherokee»
- Jimi Hendrix – elektrisk gitar på «Old Times Good Times»
- Eric Clapton – elektrisk gitar på «Go Back Home»
- Booker T. Jones – orgel på «Cherokee»; korvokal på «We Are Not Helpless»
- Calvin «Fuzzy» Samuel – bass på «Love the One You're With», «Church», «Old Times Good Times», «Go Back Home» og «Sit Yourself Down»
- Conrad Isidore – trommer på «Church» og «Old Times Good Times»
- Johnny Barbata – trommer på «Go Back Home» og «Sit Yourself Down»
- Ringo Starr – trommer på «To a Flame» og «We Are Not Helpless»
- Dallas Taylor – trommer på «Cherokee»
- Jeff Whittaker – congatrommer på «Love the One You're With» og «Old Times Good Times»
- Sidney George – fløyte, altsaksofon på «Cherokee»
- Rita Coolidge, David Crosby, Priscilla Jones, John Sebastian – korvokal på «Love the One You're With», «Go Back Home», «Sit Yourself Down» og «We Are Not Helpless»
- Cass Elliott, Claudia Lennear – korvokal på «Go Back Home», «Sit Yourself Down» og «We Are Not Helpless»
- Graham Nash – korvokal på «Love the One You're With», «Sit Yourself Down» og «We Are Not Helpless»
- Judith Powell, Larry Steele, Liza Strike, Tony Wilson – korvokal på «Church»
- Sherlie Matthews – korvokal på «We Are Not Helpless»
- Arif Mardin – strykearrangement på «Church» og «To a Flame»
Andre medverkande
endre- Bill Halverson – produsent
- Andy Johns – lydteknikar
- Gary Burden – kunstnarisk leiar, fotografi
- Henry Diltz – fotografi
- Charles John Quarto – dikt i omslaget
- Joe Gastwirt – digital remastering
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Stephen Stills (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 13. januar 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Eder, Bruce. Stephen Stills av Stephen Stills på Allmusic. Henta 13. januar 2019.
- ↑ Christgau, Robert. «Stephen Stills > Consumer Guide Reviews». Robert Christgau. Henta 13. januar 2019.
- ↑ Castleman, Harry; Podrazik, Walter J. (1977). All Together Now – The First Complete Beatles Discography 1961–1975 (Second utg.). New York: Ballantine Books. s. 93. ISBN 0-345-25680-8.
- ↑ Rogan, Johnny (2001). Neil Young : Zero to Sixty : A Critical Biography (2 utg.). London: Calidore Books. s. 267. ISBN 978-0952954040.
- ↑ Stephen Stills av Stephen Stills på Allmusic. Henta 13. januar 2019.
- ↑ Stephen Stills av Stephen Stills på Allmusic. Henta 13. januar 2019.
- ↑ Ed Ward (7. januar 1971). «Stephen Stills Stephen Stills > Album Review». Rolling Stone (74). Arkivert frå originalen 15. april 2009. Henta 13. januar 2019.