Algol (Beta Per, β Persei, β Per), på folkemunne kalla Demonstjerna, er ei lys stjerne i stjernebiletet Persevs. Ho er ei av dei mest kjende formørkingsvariable dobbeltstjernene, den første stjerna av denne typen som vart oppdaga. Ho var òg den første (ikkje-nova) variable stjerna som vart oppdaga. Algol er i røynda ei trippelstjerne (Beta Persei A, B og C) der den store og lyse primærstjerna Beta Persei A vert regelmessig formørka av den mindre lyse Beta Persei B. Den tilsynelatande storleiken er vanlegvis nær konstant på 2,1, men går ned til 3,4 med ein periode på 2 dagar, 20 timar og 49 minuttar under ein 10 timar lang delvis formørking.[3]

Beta Persei A/B/C

Plasseringa til Algol i Persevs.
Observasjonsdata
Epoke J2000      Ekvinoks J2000
Stjernebilete Persevs
Rektascensjon 03h 08m 10.1315s[1]
Deklinasjon +40° 57′ 20.332″[1]
Tilsynelatande storleiksklasse (V)2.12[1]
Karakteristikk
U−B fargeindeks−0.37
B−V fargeindeks−0.05
Variabel typeDobbelstjerne
Astrometri
Eigarørsle (μ) RA: 2.39 mas/år
Dek.: −1.44 mas/år
Parallakse (π)35.14 ± 0.90 mas
Avstand93 ± 2 ly
(28,5 ± 0,7 pc)
Absolutt storleiksklasse (MV)−0.15
Detaljar
Masse3.59/0.79/1.67 M
Radius4.13[2]/3.0/0.9 R
Luminositet98/3.4/4.1 L
Temperatur9,200[2]/4,500/8,500 K
MetallisitetIkkje tilgjengeleg
Rotasjon65 km/s
Alder< 3×108 år
Andre namn
Algol, Gorgona, Gorgonea Prima, Demon Star, El Ghoul, β Persei, β Per, Beta Per, 26 Persei, BD+40°673, FK5 111, GC 3733, HD 19356, HIP 14576, HR 936, PPM 46127, SAO 45864.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Database entry for Algol A». SIMBAD Astronomical Database. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. Henta 9 February 2008. 
  2. 2,0 2,1 Rhee, Joseph H.; et al. (Mai 2007), «Characterization of Dusty Debris Disks: The IRAS and Hipparkos Catalogs», The Astrophysical Journal 660 (2): 1556–1571, Bibcode:2007ApJ...660.1556R, arXiv:astro-ph/0609555, doi:10.1086/509912 
  3. «Beta Persei (Algol)». AAVSO. January 1999. Arkivert frå originalen 8. juli 2006. Henta 31 July 2006.