Stjernemaurvarslar

art av sporvefuglar
Stjernemaurvarslar
Stjernemaurvarslarhann
Stjernemaurvarslarhann
Stjernemaurvarslarhoe
Stjernemaurvarslarhoe
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Stjernemaurvarslar
Utbreiinga av Stjernemaurvarslar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Maurfuglar Thamnophilidae
Slekt: Pygiptila
Art: Stjernemaurvarslar P. stellaris
Vitskapleg namn
Pygiptila stellaris

Stjernemaurvarslar, Pygiptila stellaris, er ein liten maurvarslar i den biologiske familien Thamnophilidae. Han er monotypisk i slekta Pygiptila.

Stjernemaurvarslar er 14 centimeter i lengd og veg 23 gram. Dette er ein kort og tjukkfallen fugl med kort hale. Hannen har gråleg fjørdrakt med mørk hette, nakke, venger og hale. Han har fleire vengeband av små kvite flekker. Han har ein skult kvit flekk på ryggen. Hofuglen har eit gulbrunt preg, hovud i brunt til olivengrønt, raudbrune vengefjør og oversida er blågrå.

Dei lever i par, i familiegrupper eller i fleirartsflokkar i trekroner i høgvaksen skog.

Arten har habitat i subtropiske eller tropiske våte låglandsskogar med utbreiingsområdet innanfor landa Bolivia, Brasil, Colombia, Ecuador, Fransk Guyana, Peru, Surinam og Venezuela.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Stjernemaurvarslar