Stockholms skjergard

(Omdirigert frå Stockholmsøyane)

Stockholms skjergard er den største skjergarden i Sverige og ein av dei største i Austersjøen, for ikkje å seie verda. Han strekkjer seg frå Stockholm og kring 60 km ut i Austersjøen. Drygt 24 000 øyar, holmar og skjer ligg utanfor kysten av Uppland og Södermanland, frå Björkö-Arholma i nord til Öja-Landsort i sør.

Kart over Stockholms skjergard, Arholma-Landsort.
Historisk kart over del av Stockholms skjergard frå Dalarö i sør til Gräskö i nord. Cohrs' atlas över Sverige 1928.

År 1719 hadde heile Stockholms skjergard ein folkesetnad på 2 800 personar. Frå å ha vore heimstad for fiskarar, har Stockholms skjergard i stadig større grad vorte feriestad for velståande stockholmarar. Fast folkesetnad finst på mange av øyane, særleg Vaxholm og andre større øyar.

Resarö i Stockholms skjergard ligg landsbyen Ytterby, der den kjende Ytterby gruve ligg. I minerala derfrå oppdaga svenske forskarar ikkje mindre enn sju nye grunnstoff som til då var heilt ukjende. Av desse er fire kalla opp etter landsbyen Ytterby: erbium, terbium, yttrium og ytterbium.

Landhevinga i Stockholms skjergard er kring 5 mm per. år.

Øyar endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre