Opna hovudmenyen
Storm Force Ten
Studioalbum av Steeleye Span
Utgjeve November 1977
Innspelt September 1977
Phonogram Studios, Hilversum, Holland
Sjanger Folkrock
Lengd 41:55
Selskap Chrysalis
Produsent Steeleye Span og Mike Thompson
Steeleye Span-kronologi
Rocket Cottage
(1976)
Storm Force Ten Live at Last
(1978)


Storm Force Ten er det tiande studioalbumet til det britiske folkrockbandet Steeleye Span, gjeve ut i november 1977.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg [1]
Q4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[2]

Fram til Wintersmith i 2013, som kom ut 36 år seinare, var dette det siste albumet deira som gjekk inn på ei albumliste, då det nådde 191. plassen på Billboard-lista i USA. Etter Rocket Cottage slutta Bob Johnson og Peter Knight i bandet. Sidan dei med kontrakten sin måtte gje ut eit album til, inviterte dei Martin Carthy attende til bandet. I 1971 hadde Martin Carthy tilrådd dei å tilsetje John Kirkpatrick, men dei hadde valt felespelaren Peter Knight i staden for. Denne gongen tok dei i mot rådet hans og Kirkpatrick kom inn i bandet med trekkspel og erstatta fela til Knight.

Albumet vart produsert av Mike Batt, som hadde produsert dei to føregåande albuma deira. Kort tid etter albumet kom ut, gav vokalisten Maddy Prior ut det første soloalbumet sitt. Tittelen på albumet syner til styrke 10 på Beaufortskalaen, som er full storm på norsk (men berre «storm» på engelsk).

I tillegg til ei rekkje tradisjonelle songar, spelte bandet inn to Bertholt Brecht-songar, «The Wife of the Solider», som Martin Carthy hadde sunge før på Byker Hill, og som PJ Harvey seinare spelte inn. Den andre songen var «The Black Freighter», eller «Pirate Jenny», frå Tolvskillingsoperaen.

Albumet er uvanleg for Steeleye Span fordi det ikkje er fele på albumet i det heile. I staden speler John Kirkpatrick trekkspel, som ingen andre Steeleye Span-album har, sjølv om Hark! The Village Wait har ein concertina på fleire songar.

Plateomslaget er laga av kunstnaren Adrian Chesterman,[3] som òg lagde omslag for artistar som Motörhead og Chris Rea (The Road to Hell).

InnhaldEndra

Alle songane er tradisjonelle, med mindre anna er oppført.

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Awake, Awake»   5:07
2. «Sweep, Chimney Sweep»   4:44
3. «The Wife of The Soldier» (Bertolt Brecht, Scott) 2:40
4. «The Victory»   8:37
Side to
# Tittel Lengd
5. «The Black Freighter» (Bertolt Brecht, Kurt Weill) 5:59
6. «Some Rival»   3:23
7. «Treadmill Song»   6:11
8. «Seventeen Come Sunday»   5:09

MedverkandeEndra

KjelderEndra