Sulam (arabisk سولم, hebraisk סוּלַם)[1] er ein arabisk landsby nordaust i Israel. I antikken vart han kalla Shunama og Sjunem, og vart først nemnt i Amarnabreva på 1300-talet fvt. Arkeologiske utgravingar i landsbyen syner at han har vore busett sidan bronsealderen. Han ligg nær Afula og høyrer til Bustan al-Marj regionale kommune. I 2007 var folketalet 2 500.

Sulam
סוּלַם, سولم
landsby
Sulam, sett frå Nabi Dahi
Land  Israel
Distrikt Nord distrikt
Kommune Bustan al-Marj
Koordinatar 32°36′20.28″N 35°20′3.50″E / 32.6056333°N 35.3343056°E / 32.6056333; 35.3343056
Folketal 2 500  (2007)
Kart
Sulam
32°36′20″N 35°20′04″E / 32.605633333333°N 35.334305555556°E / 32.605633333333; 35.334305555556
Wikimedia Commons: Sulam

Historie endre

 
Landsbyen Sulam, frå «Picturesque Palestina,» 1880-åra[2]

I Amarnabreva frå 1300-talet fvt., som var nokre leirtavler skrivne med kileskriftakkadisk, var landsbyen ført opp med namnet Shunama, som vart erobra av den kanaanittiske krigsherren Lab'ayu saman med fleire andre byar i Dothandalen og sørlege Jezreeldalen.[3] Sulam er òg identifisert som den bibelske landsbyen Sjunem, som er sagt å høyre til Jissakar-stamma og staden der filistrane slo leir før det siste slaget til Saul,[4][5] og fødebyen til Abisjag, konkubina til kong David i 1. Kongebok 1:1.

Landsbyen er nemnd som Sulem på 300-talet evt., som Onomasticon av Eusebius og av Jerome, og begge desse skriv at han ligg 5 romerske mil frå Tabor.[5] Landsbyen vart av krossfararane (1100-talet) kalla Suna.[6]

Under osmansk styre var Sulam oppført i osmanske skattelister frå 1596 som ein del av Jinin nahiya i Lajjun liwa. Han hadde eit folketal på 26 muslimske familiar.[7] Edward Robinson og Eli Smith, som vitja landsbyen midt på 1800-talet, skildra han som «liten og skitten» og innbyggjarane som «siviliserte og venlege.»[5]

The Survey of Western Palestine (1881) skildra Sulam som «ein stor landsby i fjellsida nær foten av Jebel ed Duhy.» Dei skreiv vidare at delar av landsbyen var bygde av stein, og at det i vest låg skuggefulle hagar med sitrontre. Ei fleirårig kjelde i vest gav vatn til cisterner slik at landsbyen hadde god tilgang til ferskvatn.[6]

Under Palestinamandatet og folketeljinga i 1931 var det 85 busette hus i Sulam med eit folketal på 328 muslimar.[8]

Det er gjort mange arkeologiske utgravingar i og rundt landsbyen med funn frå dei tidlegare periodane.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Palmer, 1881, s.167
  2. Wilson, 1881, 1884, s.31
  3. Goren et al., 2004, s. 262.
  4. Yoram Tsafrir, Leah Di Segni and Judith Green (1994). Tabula Imperii romerski: Judea, Palaestina. Jerusalem: Israel Academy of Sciences and Humanities. s. 236. 
  5. 5,0 5,1 5,2 Robinson and Smith, 1860, s. 324-325.
  6. 6,0 6,1 Conder og Kitchener, 1882, s. 87
  7. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 161.
  8. Mills, 1932, s. 76

Bakgrunnsstoff endre