Springaren Sundbreien, som og er kalla Heksedansen eller Epleskjularen, er mykje nytta i Hallingdal og Valdres. Det er og skriven ned ei nærskyldt form av slåtten på Voss. Eit anna namn på slåtten i Valdres er Kjeglesmeden. Slåtten skal ha vore nytta av Jørn Hilme. Sundbrei er ein gard i Voss, høyrande under Breievaldet lengst nord i kommunen. Slåtten skal ha namnet sitt etter ein dansar frå denne garden. I Hallingdal er slåtten knytt til strandaspelet. Torleiv Bolstad meinte slåtten var laga av Jørn Hilme. Kjeglesmeden var ein kar som egla seg inn på han Jørn, fortalde Olav Moe, og Hilmin svara med å spela denne slåtten, som før hadde hatt eit anna namn. Medan han spela, tok eit drammeglas til å krype bortetter bordet han sat ved, og dette skremde Kjeglesmeden slik at han tok til gråten. Sidan hadde slåtten namn etter han.

Om Heksedansen kunne Olav Moe fortelja at Hekkenfjell var den staden heksene samla seg jonsokeftan. Ola Bøe sa ein gong han hadde «leita over heile Valdres, men enno ikkje funne noko fjell med det namnet». Hekkenfjell svarar vel til Bloksberg.

Variantgruppa endre

Hovudgruppa har nr 473 i hardingfeleverket. Varianten etter Isak Rokne, skriven ned etter Ola Mosafinn har nr 108. Det finst og ein variant frå Sogn, etter Anders Sagen.

473:

  • c: Heksedansen, etter Ola Bøe, Vestre Slidre. Nedskrift Sven Nyhus 1974. Slåtten var og nytta av Olav Moe. Ola Bøe lærte slåtten av far sin, Per Bøe, og av Olav Moe. Det fulle namnet på slåtten er Heksedansen på Hekkenfjell.