Sundt varemagasin

Sundts varemagasin ligg på Torgallmenningen 14 i sentrum i Bergen. Bygningen er teikna av arkitekten Per Grieg, og stormagasinet opna 18. juli 1938. 50 år seinare, i 1988, blei bygningen freda, som følgje av at kulturminnet var truga av påbygging i høgda. Det som er bevart av det opprhavlege interiøret inngår også i fredinga. Sundt varemagasin blir rekna som eit av hovudverka innan funksjonalismen i Noreg. I 1961 blei arkitekten tildelt Houens fonds diplom for bygningen. Bygningen er i dag eigd av DNB Næringseiendom AS.

Sundt varemagasin

ArkitektPer Grieg
StilFunksjonalisme i arkitektur
Kart
Sundt varemagasin
60°23′32″N 5°19′26″E / 60.392127777778°N 5.3237833333333°E / 60.392127777778; 5.3237833333333

I perioden 2022–24 skal heile bygningen gjennomgå ein rehabilitering, på grunn av rustskader på armeringsjarnet. Bygningen er heilt stengd medan utbetringa pågår.[1]

Sundt, funksjonalistisk stormagasin frå 1938. Arkitekt Per Grieg.
Foto: Frode Inge Helland
Renovering i 2023

Historie

endre

Den 14. januar 1845 opna Christian Gerhard Ameln Sundt (1816–1901) ein manufaktur- og kortevarehandel i 8. rode, nr. 26, seinare Strandgaten 66 i Bergen. Strandgaten var den gongen ei livleg handelsgate.

I 1885 blei nabobygningen kjøpt og båe bygningane rivne, for å gje plass til eit nybygg. Det nye forretningslokalet stod ferdig 7. desember 1885. Bygningen hadde ein stor og praktfull fasade rik på stukkatur og ornamentikk med sterke profilar og ein gesims øvst. Arkitekt var Johan Irgens Faye. Den 27. februar 1888 tok det fyr i sentralvarmeanlegget, og heile bygget blei øydelagt.

Ved juletider i 1889 stod ein ny bygning i murstein med store spegelglasvindauge ferdig på tomta. Bygningen var teikna av den tyske arkitekten Wilhelm Hauers.[2] Varemagasinet blei samanlikna med Printemps og Bon Marché i Paris.

På 1930-talet kom tanken om å flytte handelsverksemda, og sommaren 1936 blei Torgallmenningen 14, 16 og 18 kjøpte inn. Den nye eigedomen hadde eit byggeareal på 1 200 kvm, og gav moglegskap for en samanhengande fasade på hundre meter mot tre gater. Hovudfasaden fekk ein monumental verknad mot den breie opne Torgallmenningen.

Tomta stod ledig etter bybrannen i Bergen 1916,[3] og låg utanfor grensene for fasadeplanen til Finn Berner for Torgallmenningen. Dimed stod direktøren for Sundt, Arthur H. Norill, nokså fritt med sitt ønskje om at nybygget skulle bryte med resten av plassen, noko mange var ytst skeptiske til.[4]

Bygningen

endre

Arkitekt Per Grieg blei engasjert, og same år la han og direktør Norill ut på ei utstrekt studiereise rundt i Europa. Grieg hadde festa seg ved den nederlandske arkitekten Willem Marinus Dudok (1884–1974), og i Rotterdam låg eitt av dei mest moderne varehusa i Europa – De Bijenkorf (‘bikuben’[5]) av Dudok, opna i 1930 som eit tidleg eksempel på funksjonalisme.[6] Fasaden bestod for det meste av glas som slapp inn ljos på dagtid, medan det på kveldstid sjølv slapp ut ljos.[7] Det heile var krona med eit slankt tårn toppa av ei lampe. Norill skal ha hylla De Bijenkorf som «det overlegent best løste, moderne magasin i Europa i dag».[8]

Hausten 1936 låg det i store trekk føre planar for den nye bygningen i Bergen. Den nye storbutikken skulle førast opp av jarnbetong og glas i seks etasjar, pluss ein stor underetasje som skulle byggjast ut under fortauet. Byggjeprosessen blei dokumentert med fotografi tekne av Einar Helmers Olsen (1891-1984)[9] som var utdanna i Dresden med spesialisering innanfor armert betong. Byggjemelding blei sendt inn i 1936, og i januar 1937 blei det søkt om å få støype kjeller. Halvanna år seinare opna varehuset, kvilande på eit skjelett av runde berande søyler slik at veggene var utan berande funksjon, og dimed kunne brytast opp med lange horisontale vindaugsband og store opne rom innvendig.[10] Ein virkeleg attraksjon var rulletrappa, berre eitt år etter at Steen og Strøm installerte den fyrste rulletrappa i Noreg, i Oslo.[11]

Tyngdepunktet i fasaden blei hjørnet mot Starvhusgaten som strekte fram av byggjelinja, og var synleg på lang lei med sin 40 meters høge skorstein, forma som ei søyle krona av ein 3,5 meter høg skulptur i bronse av handelsguden Merkur, utført av bilethoggar Sofus Madsen.[12]

 
De Bijenkorf i Rotterdam, 1935, teikna av arkitekten Willem Dudok.

På Starvhushjørnet, Torgallmenningen og Ole Bulls plass fekk bygningen tre romslege inngangsparti med svingdører. Rulletrapp, hurtiggåande personheisar med førar og makelege trappegangar sørga for kommunikasjonen. Byggjekonstruksjon og innreiing slapp inn eit maksimum av dagsljos for å sikre ei naturlig fargevurdering og skaffe tilsette og publikum moderne oversiktlege ekspedisjonsforhold. Den saklege arkitekturen og dei kontinuerlege bandvindauga på fasadane skulle gje uttrykk for den spesielle funksjonen og særmerke til bygningen, og danne eit gjennombrot i bergensk forretningsarkitektur.

Listverket var i teak, medan golva var dekte med linoleum, eit naturmateriale ofte forveksla med vinyl; men ingenting av denne opphavlege innreiinga er bevart. Slik skildra Bergens Tidende nybygget ved opninga i juli 1938: «Foruten en vanlig kassedisk, vil der også bli anledning til å bli ekspedert på no time fordi der er ikke mindre enn seks andre steder hvor en kan få gjøre opp uten å gå til hovedkassen», i varehuset avisa skildra som «en liten verden for sig selv». På 1980-talet ville eigarane byggje på nok ein etasje og gjere om femte og sjette etasje til kontor. I staden vedtok Riksantikvaren i 1990 å frede bygget.[13]

Førebiletet De Bijenkorf blei svært skada under bombinga av Rotterdam 14. mai 1940.[14] Den attverande delen dreiv vidare, men blei i 1956 rive fordi han ikkje passa inn i den vidare byreguleringa.[15]

Kjelder

endre

Litteratur

endre
  • Amundsen, Roald, Simonæs, Olav; Manufakturfirmaet Sundt gjennom 100 år, Bergen 1945
  • Arnesen, Odd, Kielland, Anton M; Bergens forretningsstrøk før og nu, Bergen 1928.

Bakgrunnsstoff

endre