Crisis? What Crisis?

album av Supertramp
Crisis? What Crisis?
Studioalbum av Supertramp
Språk engelsk
Utgjeve 14. september 1975
Innspelt Sommaren 1975
Studio A&M Studios, Los Angeles, CA
Ramport Studios and Scorpio Studios, London, UK
Sjanger Progressiv rock
Lengd 47:24
Selskap A&M
Produsent Ken Scott, Supertramp
Supertramp-kronologi 
Crime of the Century
(1974)
Crisis? What Crisis? Even in the Quietest Moments...
(1977)


Crisis? What Crisis? er det fjerde studioalbumet til det engelske rockebandet Supertramp, gjeve ut i 1975. Det vart spelt inn i Los Angeles og London, og var det første Supertramp-albumet som vart spelt inn i USA.

Record Mirror tok Crisis? What Crisis? med på lista si over dei beste albuma i 1975.[1]

Bakgrunn og innspeling endre

Etter å ha slått gjennom med Crime of the Century (1974), hadde Supertramp press på seg for å levere ein oppfølgjar, og plateselskapet pressa dei til å byrja arbeidet så snart turneen for Crime of the Century var over. Medan dei turnerte på vestkysten av Nord-Amerika, skadde Hodgson handa si, så bandet måtte avlyse resten av turneen. Dermed hadde dei brått tid til overs som dei brukte til å arbeide på albumet.[2] Trass i dette, fekk ikkje bandet tid til å øve for albumet, og som på Indelibly Stamped (1971), hadde ikkje låtskrivarar Rick Davies og Roger Hodgson ein visjon for korleis albumet skulle bli.[2] I tillegg hadde den travle turnéverksemda gjort at det vart lite tid til å skrive songar, så dei gjekk inn i platestudioa til A&M i Los Angeles med berre songane som var til overs frå Crime of the Century (eller tidlegare).[2] På grunn av mangel på songar, måtte innspelingar stoppast slik at Davies og Hodgson kunne skrive to nye songar. Den eine av desse var «Ain't Nobody But Me».[2]

Fire av songane («Sister Moonshine», «Another Man's Woman», «Lady» og «Just a Normal Day») vart spelte på konsertane deira før dei vart spelte inn og gjevne ut, mellom anna på ein konsert dokumentert av BBC i Hammersmith Odeon i London i mars 1975, som i 2001 kom ut på Is Everybody Listening?.

Hodgson var ikkje nøgd med albumet, og skildra det som hastverksarbeid utan samhaldet på Crime of the Century.[3] Bassisten Dougie Thomson var samd: «Me tenkte Crisis var litt usamanhengande og at ingen i bandet eigentleg likte albumet.»

I nyare tid har derimot Roger Hodgson kalla det favorittalbumet sitt av Supertramp.[4]

Plateomslag endre

Både tittelen og konseptet for plateomslaget vart påtenkt av Davies, som John Helliwell sa: «Det var Rick som kom opp med namnet Crisis? What Crisis? og ein dag, då me sat kring Scorpio Studio, kom han inn med denne skissa av ein fyr som sat på ein solstol under ein parasoll med all dette kaoset kring seg.»[2] «Crisis? What Crisis?» er ei linje frå filmen The Day of the Jackal (1973).[5] Uttrykket vart nytta som ei overskrift i The Sun i 1979 for å uttrykkje folkeopinionen av den britiske regjeringa på den tida.[6] Kunstnaren Paul Wakefield, som hadde laga omslaget til Crime of the Century, fotograferte bakgrunnen i walsisiske gruvedalar, som seinare vart sett saman av eit modellfotografi frå eit fotostudio seinare.[7]

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [8]

Rolling Stone kritiserte sterkt albumet i den korte meldinga si, og gjorde særleg narr av tekstane.[9]

AllMusic roste albumet grundig i si melding, og særskild klaverspelinga til Rick Davies, vokalen til Roger Hodgson og saksofonen til John Helliwell. Dei meinte låtskrivinga var kjenslemessig mektig, og dei meinte det gav albumet ein «varm personlegdom og sjarmerande subtil stemning.»[8]

Innhald endre

Alle songane er skrivne av Rick Davies og Roger Hodgson.

Side ein
Nr.TittelSolovokalLengd
1.«Easy Does It»Hodgson2:19
2.«Sister Moonshine»Hodgson, Davies5:15
3.«Ain't Nobody but Me»Davies5:14
4.«A Soapbox Opera»Hodgson4:54
5.«Another Man's Woman»Davies6:15
Side to
Nr.TittelSolovokalLengd
6.«Lady»Hodgson5:26
7.«Poor Boy»Davies5:07
8.«Just a Normal Day»Hodgson, Davies4:02
9.«The Meaning»Hodgson5:23
10.«Two of Us»Hodgson3:27
Total lengd:47:24

Medverkande endre

Produksjon endre

  • Ken Scott - produsent
  • Supertramp - produsent
  • Greg Calbi - ommastring
  • Jay Messina - ommastring
  • John Jansen - assistent
  • Ed Thacker - assistent
  • Richard Anthony Hewson - arrangør
  • Fabio Nicoli - plateomslag
  • Paul Wakefield - plateomslag
  • Dick Ward - plateomslag

Salslister endre

Vekeslister endre

Liste Plassering
Australske Kent Music Report[10] 20
Kanadiske RPM-lista[11] 12
Den nederlandske albumlista[12] 11
Den newzealandske albumlista[13] 6
Noreg - VG-lista[14] 10
Den svenske albumlista[15] 16
UK Albums Chart[16] 20
US Billboard 200[17] 44

Årslister endre

Liste (1976) Plassering
Den australske albumlista[10] 85
Den kanadiske albumlista[18] 85

Salstrofé og salstal endre

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[19] Platina 100 000^
Frankrike (SNEP)[20] Gull 100 000[21]
Tyskland (BVMI)[22] Gull 250 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder endre

  1. End Of Year List. Record Mirror. 1975. Archived at rocklistmusic.co.uk
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Melhuish, Martin (1986). The Supertramp Book. Toronto, Canada: Omnibus Press. s. 84–93. ISBN 0-9691272-2-7. 
  3. (2009). 30th Anniversary Supertramp Feature Arkivert 8. februar 2014 ved Wayback Machine., In the Studio.
  4. Melhuish, Martin (1986). The Supertramp Book. Toronto, Canada: Omnibus Press. s. 120. ISBN 0-9691272-2-7. 
  5. Linja vert sagt under ein samtale i senga kring 55 minutt inn i filmen av Denise, spelt av Olga Georges-Picot.
  6. «'Crisis? What crisis?'». news.bbc.co.uk. 12. november 2000. Henta 14. juni 2020. 
  7. [1]
  8. 8,0 8,1 Crisis? What Crisis?Allmusic
  9. Altman, Billy (29. januar 1976). Album review Arkivert 2017-06-19 ved Wayback Machine., Rolling Stone.
  10. 10,0 10,1 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  11. «Top Albums/CDs - Volume 24, No. 21». RPM. 21. februar 1976. Arkivert frå originalen (PHP) 24. februar 2014. Henta 12. juni 2020. 
  12. «dutchcharts.nl Supertramp – Crisis? What Crisis?» (ASP). Hung Medien (på nederlandsk). MegaCharts. Henta 12. juni 2020. 
  13. «charts.nz Supertramp – Crisis? What Crisis?» (ASP). Hung Medien. Recording Industry Association of New Zealand. Henta 12. juni 2020. 
  14. «norwegiancharts.com Supertramp – Crisis? What Crisis?» (ASP). Henta 31. januar 2014. 
  15. «swedishcharts.com Supertramp – Crisis? What Crisis?» (ASP). Sverigetopplistan. Henta 31. januar 2014. 
  16. «Supertramp > Artists > Official Charts». UK Albums Chart. Henta 12. juni 2020. 
  17. «allmusic ((( Crisis? What Crisis? > Charts & Awards > Billboard Albums )))». allmusic.com. Henta 12. juni 2020.  [daud lenkje]
  18. «RPM Top 100 Albums of 1976». RPM. 8. januar 1977. Arkivert frå originalen 24. februar 2014. Henta 12. juni 2020. 
  19. «Canadian album salstrofé – Supertramp – Crisis». Music Canada. Henta 11. juni 2020. 
  20. «French album salstrofé – Supertramp – Crisis, What Crisis» (på fransk). InfoDisc. Henta 11. juni 2020.  Select SUPERTRAMP and click OK
  21. «Les Albums Or :». Infodisc.fr (på fransk). Arkivert frå originalen 28. januar 2015. Henta 11. juni 2020. 
  22. «Gold-/Platin-Datenbank (Supertramp; 'Crisis? What Crisis?')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. Henta 11. juni 2020.