Supertramp av Supertramp

Supertramp
Studioalbum av Supertramp
Språk engelsk
Utgjeve 14. juli 1970
Innspelt Juni 1970
Studio Morgan Sound Studios i Willesden i North London i England
Sjanger Progressiv pop[1]
Lengd 47:31
Selskap A&M
Produsent Supertramp
Supertramp-kronologi 
Supertramp Indelibly Stamped
(1971)


Supertramp er det sjølvoppkalla debutalbumet til det engelske rockebandet Supertramp, gjeve ut i juli 1970. Det har stundom blitt gjeve ut under tittelen Now and Then.

Det kom ikkje ut i USA før seint i 1977, men kunne importerast frå Storbritannia. I 1977 nådde albumet 158. plassen på den amerikanske Billboard 200.[2]

Bakgrunn og innspeling endre

Alle tekstane på albumet var skrivne av Richard Palmer, sidan ingen av dei andre medlemmane i bandet ønskte å skrive noko. Palmer sa sjølv at han såg på det å skrive tekstane som «å få lekser» han måtte gjere.[3] Musikken til songane var komponert av Rick Davies og Roger Hodgson i lag.[4]

Albumet vart spelt inn i løpet av i natt frå midtnatt til kl. 06 om morgonen. Dette kom av ei overtru om at det var noko «magisk» å spele inn på natta, noko dei hadde fått høyrt av Traffic og Spooky Tooth.[4][1] Hodgson sa seinare «Lydteknikaren vår, Robin Black, sovna fleire gonger midt under innspelinga, som var ganske intens fordi me heile tida krangla med Richard Palmer.»[1] Han var glad i resultatet og sa over eit tiår seinare at «det var alt særs naivt, men det var ei god stemning.»[1]

Etter det tredje albumet til Supertramp, Crime of the Century (1974), vart ikkje lenger songar frå debutalbumet spelte på konsertane deira lengre. Dei to unntaka var «Home Again»[5] og «Surely», som stundom vart spelte som ekstranummer fleire år seinare. «Surely» har òg vore med på somme av samlealbuma deira.

Songar frå dette albumet, som «Words Unspoken» og «I Am Not Like Other Birds of Prey», vart nytta i filmen Extremes (1971), i lag med musikk frå andre grupper.

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [6]

Kritikarane har generelt vore positive til albumet. Ei melding av Judith Simons i Daily Express sa: «Denne debutplata av ei gruppe lovande musikk-poetar, er noko meir melodisk enn dei fleste platene som kjem ut under kategorien 'progressiv pop.'»[1] Trass i dette selde albumet dårleg.[1]

I ei seinare melding skreiv AllMusic at albumet «strøymer over av pretensiøs musikk som svingar hit og dit, med større vekt og merksemd til klaverinstrumenta og gitar enn til tekstane og den totale heilskapen.» Men dei innrømde at «blanding av iver og finesse» på albumet var appellerande.[6]

Innhald endre

Alle songar skrivne av Rick Davies, Roger Hodgson og Richard Palmer.

All solovokal av Roger Hodgson, utanom der andre er nemnde. Solovokal skriven av Richard Palmer.[4]

Side ein
Nr.TittelSolovokalLengd
1.«Surely» 0:31
2.«It's a Long Road» 5:33
3.«Aubade / And I Am Not Like Other Birds of Prey» 5:17
4.«Words Unspoken» 3:59
5.«Maybe I'm a Beggar»Palmer og Hodgson6:44
6.«Home Again» 1:15
Side to
Nr.TittelSolovokalLengd
7.«Nothing to Show»Hodgson og Davies4:53
8.«Shadow Song»Davies og Hodgson4:23
9.«Try Again»Hodgson og Palmer12:02
10.«Surely (reprise)» 3:08
Total lengd:47:31

Medverkande endre

Produksjon

Salslister endre

Billboard (USA)

År Liste Plassering
1978 Pop Albums 158[2]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Melhuish, Martin (1986). The Supertramp Book. Toronto, Canada: Omnibus Press. s. 33. ISBN 0-9691272-2-7. 
  2. 2,0 2,1 Supertramp in the Billboard charts, AllMusic. Henta 9. juni 2020.
  3. Interview with Richard Palmer-James in Calamity, Elephant Talk.
  4. 4,0 4,1 4,2 Fuentes, Abel (January 2011). Interview with Richard Palmer, Supertramp Soap Box Asylum. Henta 9. juni 2020.
  5. Melhuish, Martin (1986). The Supertramp Book. Toronto, Canada: Omnibus Press. s. 116. ISBN 0-9691272-2-7. 
  6. 6,0 6,1 Supertramp av SupertrampAllmusic

Bakgrunnsstoff endre