Tattoo You
Tattoo You Studioalbum av The Rolling Stones | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 24. august 1981 | |
Innspelt | November–desember 1972, Januar–mars 1975, January–mars 1978, Januar–oktober 1979, oktober 1980 – juni 1981 | |
Sjanger | Rock, hardrock, rock and roll | |
Lengd | 44:23 | |
Selskap | Rolling Stones | |
Produsent | The Glimmer Twins | |
The Rolling Stones-kronologi | ||
---|---|---|
Emotional Rescue (1980) |
Tattoo You | Undercover (1983) |
Singlar frå Tattoo You | ||
|
Tattoo You er eit album av The Rolling Stones som kom ut i 1981. Han var oppfølgjaren til Emotional Rescue og var eit kritikarrost og eit kommersielt suksessrikt album då det kom ut. Framleis vert albumet rekna som eit av dei beste The Rolling Stones-albuma.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
The A.V. Club | favourable[2] |
Blender | |
Robert Christgau | A–[3] |
The Great Rock Discography | 6/10[4] |
MusicHound | 3/5[5] |
NME | 6/10[6] |
Rolling Stone | [7] |
The Rolling Stone Album Guide | [8] |
Virgin Encyclopedia of Popular Music | [4] |
Historie
endreTattoo You består hovudsakleg av tidlegare innspelingar som gjekk nesten ti år bakover i tid med ny vokal og enkelte nye lydspor lagt oppå. I tillegg til to nye songar, sette Stones saman denne samlinga for å ha eit nytt album å promotere då dei la ut på ein verdsomfattande turne i september 1981. «Tops» og «Waiting on a Friend» vart spelt inn seint i 1972 under innspelinga av Goats Head Soup (med Mick Taylor på gitar). Taylor kravde seinare honorar for albumsalet, noko han òg fekk. «Slave» og «Worried About You» vart spelte inn i 1975 under innspelinga av Black og Blue i Rotterdam. Dei har med Billy Preston på tangentar og Ollie Brown perkusjon. Wayne Perkins spelar sologitar på «Worried About You». Songane «Hang Fire», «Start Me Up» og «Black Limousine» vart opphavleg spelt inn i 1977 under innspelinga av Some Girls. «Start Me Up» vart først spelt inn som ein reggaesong i 1975 som «Never Stop», men vart ikkje gjeven ut den gong. «Black Limousine» vart trekt fram att og arbeida med under innspelinga av Emotional Rescue i 1979. «Little T&A» og «No Use in Crying» kom frå innspelinga av Emotional Rescue. «Neighbours» og «Heaven» var dei einaste nye innspelingane (frå april til juni 1981) på albumet, men bandet hadde alt starta på «Neighbours» under arbeidet med Emotional Rescue.
På nokre av dei eldste songane vart det lagt på nye lydspor og dei vart miksa under innspelinga av Emotional Rescue i 1971 eller i 1981 då Tattoo You vart sett saman.
The Rolling Stones delte Tattoo You inn i to delar, ei side med rock and roll-songar og den andre med større fokus på balladar.
«Start Me Up» vart gjeven ut som singel i august 1981, ei veke før sjølve albumet. Han vart godt teken imot og nådde Topp 10 i store delar av verda. Songen vert nærast rekna som ein signaturlåt og var med på å trekke albumet til førsteplassen i USA, der det låg i ni veker. I Storbritannia gjekk albumet til andreplassen og i Noreg til tredjeplass. Meldingane av albumet var òg positive og mange meinte det var eit steg opp i høve til det førre albumet, Emotional Rescue.
Sjølv om bandet framleis er populære i dag, var Tattoo You det siste albumet deira som nådde toppen i USA, og ingen singlar seinare nådde så høgt som «Start Me Up» (2. plass i USA).
Albumtittelen skulle opphavleg vere berre «Tattoo». Jagger hevdar at han ikkje anar korleis «You» kom til i tittelen. Dette skapte gnissingar mellom Jagger og Richards, som mistenkte at Jagger hadde endra tittelen utan å spørje han først.
I 1989 vart albumet rangert på 34. plass av musikkmagasinet Rolling Stone på lista deira over dei 100 beste albuma i 1980-åra. I 2003 hamna albumet på 211. plass på lista deira over dei 500 best albuma gjennom tidene.
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Mick Jagger og Keith Richards, bortsett frå der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Start Me Up» | 3:32 |
2. | «Hang Fire» | 2:21 |
3. | «Slave» | 6:33 |
4. | «Little T&A» | 3:23 |
5. | «Black Limousine» (Mick Jagger/Keith Richards/Ronnie Wood) | 3:31 |
6. | «Neighbours» | 3:31 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
7. | «Worried About You» | 5:17 |
8. | «Tops» | 3:45 |
9. | «Heaven» | 4:22 |
10. | «No Use in Crying» (Mick Jagger/Keith Richards/Ronnie Wood) | 3:25 |
11. | «Waiting on a Friend» | 4:34 |
Medverkande
endreThe Rolling Stones
- Mick Jagger – solovokal (alle utanom 4), korvokal (alle utanom 5); elektrisk gitar (9, 10); munnspel (spor 5), perkusjon (spor 9)
- Keith Richards – elektrisk gitar (alle utanom 9), korvokal (1-4, 6-7, 10); solovokal and bassgitar (spor 4)
- Ronnie Wood – elektrisk gitar (alle utanom 7, 8, 9, 11), korvokal (1-2, 4, 6, 10); bassgitar (spor 2)
- Bill Wyman – bassgitar (alle utanom 2, 4); synthesizer, elektrisk gitar og perkusjon (spor 9)
- Charlie Watts – trommer, perkusjon (spor 9)
- Mick Taylor – elektrisk gitar (8, 11)
Andre medverkande
- Nicky Hopkins – piano (8, 10-11); orgel (10)
- Ian Stewart – piano (2, 4-6)
- Billy Preston – klaverinstrument (3, 7)
- Wayne Perkins – elektrisk sologitar (7)
- Ollie Brown – perkusjon (3, 7)
- Pete Townshend – korvokal (3)
- Sonny Rollins – saksofon (3, 6, 11)
- Jimmy Miller – perkusjon (8)
- Michael Carabello – kubjølle (1); conga (3); guiro, claves, cabasa og conga (spor 11)
- Chris Kimsey – elektrisk piano (9)
- Barry Sage – klapping (1)
Salslister
endre
Vekeslisterendre
|
Årslisterendre
|
Salstrofé
endreRegion | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Frankrike (SNEP)[31] | Gull | 332,190[32] |
Canada (Music Canada)[33] | 4× Platina | 400 000^ |
Nederland (NVPI)[34] | Gull | 50 000^ |
Spania(PROMUSICAE)[35] | Gull | 50 000^ |
Storbritannia (BPI)[36] | Gull | 100 000^ |
USA (RIAA)[37] | 4× Platina | 4 000 000^ |
^salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tattoo You» frå Wikipedia på engelsk, den 29. mars 2018.
- ↑ Thomas, Stephen (30. august 1981). «Allmusic Review». Allmusic.com. Henta 29. mars 2018.
- ↑ «We're No. 1 Review». theavclub.com. Arkivert frå originalen den 17. desember 2011. Henta 30. desember 2011.
- ↑ «Robert Christgau Review». Robertchristgau.com. Arkivert frå originalen den 28. juli 2011. Henta 29. mars 2018.
- ↑ 4,0 4,1 «The Rolling Stones Tattoo You». Acclaimed Music. Arkivert frå originalen den 27. november 2014. Henta 29. mars 2018.
- ↑ Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 952. ISBN 1-57859-061-2.
- ↑ «The Rolling Stones – Tattoo You CD». CD Universe/Muze. Henta 29. mars 2018.
- ↑ Debra Rae Cohen (15. oktober 1981). «Rolling Stone Review». Rollingstone.com. Arkivert frå originalen den 24. mai 2011. Henta 29. mars 2018.
- ↑ "The Rolling Stones: Album Guide". rollingstone.com. Archived version retrieved 29. mars 2018.
- ↑ 9,0 9,1 9,2 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6.
- ↑ «The Rolling Stones – Tattoo You – austriancharts.at». Arkivert frå originalen (ASP) 1. november 2013. Henta 29. mars 2018.
- ↑ «Top Albums/CDs - Volume 35, No. 11». RPM. 10. oktober 1981. Arkivert frå originalen den 23. september 2013. Henta 29. mars 2018.
- ↑ «dutchcharts.nl The Rolling Stones – Tattoo You» (ASP). Hung Medien (på nederlandsk). MegaCharts. Arkivert frå originalen den 7. mars 2013. Henta 29. mars 2018.
- ↑ «InfoDisc : Tous les Albums classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste» (på fransk). infodisc.fr. Arkivert frå originalen 26. januar 2016. Henta 29. mars 2018.Merk: vel 'The Rolling Stones' i listadown.
- ↑ 14,0 14,1 «Hit Parade Italia – Gli album più venduti del 1981» (på italiensk). hitparadeitalia.it. Arkivert frå originalen den 7. april 2012. Henta 29. mars 2018.
- ↑ Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970-2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9.
- ↑ «charts.org.nz The Rolling Stones – Tattoo You». Hung Medien. Recording Industry Association of New Zealand. Arkivert frå originalen (ASP) 1. oktober 2013. Henta 29. mars 2018.
- ↑ «norwegiancharts.com The Rolling Stones – Tattoo You». Arkivert frå originalen (ASP) 23. oktober 2013. Henta 29. mars 2018.
- ↑ Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2.
- ↑ «swedishcharts.com The Rolling Stones – Tattoo You» (ASP). Sverigetopplistan. Arkivert frå originalen den 22. oktober 2013. Henta 29. mars 2018.
- ↑ «The Rolling Stones > Artists > Official Charts». UK Albums Chart. Arkivert frå originalen den 19. april 2013. Henta 29. mars 2018.
- ↑ «Allmusic: Tattoo You : Charts & Awards : Billboard Albums». allmusic.com. Henta 29. mars 2018.
- ↑ «Album Search: The Rolling Stones – Tattoo You» (ASP) (på tysk). Media Control. Arkivert frå originalen den 5. juli 2014. Henta 29. mars 2018.
- ↑ «RPM Top 100 Albums of 1981». RPM. 26. desember 1981. Arkivert frå originalen den 7. juni 2013. Henta 3. oktober 2011.
- ↑ «Dutch charts jaaroverzichten 1981» (ASP) (på nederlandsk). Arkivert frå originalen den 12. mai 2014. Henta 2. april 2014.
- ↑ «Les Albums (CD) de 1981 par InfoDisc» (på fransk). infodisc.fr. Arkivert frå originalen (PHP) 30. mars 2014. Henta 29. mars 2018.
- ↑ «Complete UK Year-End Album Charts». Arkivert frå originalen 19. mai 2012. Henta 2. april 2014.
- ↑ Nielsen Business Media, Inc (26. desember 1981). Billboard.com – Year End Charts – Year-end Albums – The Billboard 200. Arkivert frå originalen den 5. juli 2014. Henta 29. mars 2018.
- ↑ «Top 100 Albums '82». RPM. 25. desember 1982. Arkivert frå originalen den 29. desember 2012. Henta 29. mars 2018.
- ↑ «Dutch charts jaaroverzichten 1982» (ASP) (på nederlandsk). Arkivert frå originalen den 12. mai 2014. Henta 2. april 2014.
- ↑ «Billboard.BIZ: Top Pop Albums of 1982». billboard.biz. Arkivert frå originalen 15. januar 2013. Henta 29. april 2014.
- ↑ «French album salstrofé – The Rolling Stones – Tattoo You» (på fransk). InfoDisc. Select THE ROLLING STONES and click OK
- ↑ «Les Albums Or :» (på fransk). Infodisc.fr. Arkivert frå originalen 23. april 2014. Henta 21. august 2013.
- ↑ «Canadian album salstrofé – The Rolling Stones – Tattoo You». Music Canada.
- ↑ «Dutch album salstrofé – The Rolling Stones – Tattoo You» (på nederlandsk). Nederlandse Vereniging van Producenten en Importeurs van beeld- en geluidsdragers.
- ↑ «Sólo Éxitos 1959–2002 Año A Año: Certificados 1979–1990» (på spansk). Iberautor Promociones Culturales. ISBN 8480486392.
- ↑ «British album salstrofé – The Rolling Stones – Tattoo You». British Phonographic Industry. Enter Tattoo You in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
- ↑ «American album salstrofé – The Rolling Stones – Tattoo You». Recording Industry Association of America. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
214: Proud Mary: The Best Of I've And Tina Turner Ike and Tina Turner |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2012 over dei 500 beste albuma gjennom tidene 213 Tattoo You The Rolling Stones |
212: Crooked Rain- Crooked Rain Pavement |