Technicolour

song frå 2021 med Montaigne
«Technicolour»
Song av Montaigne

Land Australia
Språk Engelsk
Utgjeve 5. mars 2021[1]
Sjanger Elektropop
Lengd 02:49
Selskap Wonderlick, Sony Music
Låtskrivar(ar) Jessica Cerro, Dave Hammer

«Technicolour» er ein popsong frå 2021 framført av den australske artisten Montaigne. Songen vart gjeven ut 5. mars 2021 og var det australske bidraget til Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland. Songen vart slått ut i semifinalen, og dette var fyrste gongen Australia ikkje nådde ein Eurovision-finale. Men songen skreiv Eurovision-historie, sidan det var det fyrste bidraget som ikkje vart framført direkte på scena i Eurovision Song Contest. På grunn av koronaviruspandemien kunne ikkje Montaigne reise frå Australia til Rotterdam for å opptre. Arrangørane viste eit førehandsinnspelt reserveopptak av framsyninga i staden.[2][3]

Om songen endre

Montaigne skulle ha representert Australia i Eurovision Song Contest 2020 med «Don't Break Me», etter å ha vunne songtevlinga Eurovision – Australia Decides i Gold Coast i Australia laurdag 8. februar 2020.[4] Då Eurovision vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien, vedtok den australske kringkastaren SBS at Montaigne i staden skulle få representere Australia i tevlinga i 2021, men med ein annan song.

4. mars 2021 kunngjorde Montaigne at hun skulle deltake med «Technicolour», og låten vart sloppen for nedlastning og strøyming dagen etter.[5] Artisten sjølv sa at songen var skriven spesielt for tevlinga, og inneheldt kjensler og elementer som passa perfekt for Eurovision Song Contest.[6][7][8]

Eurovision Song Contest endre

Songen var det australske bidraget til Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam Ahoy og deltok i den fyrste semifinalen tysdag 18. mai 2021. På grunn av pandemien var ikkje Montaigne på plass i Rotterdam for å opptre. I staden viste arrangørane eit reserveopptak av framsyninga, som vart spelt inn i Australia i mars, og sjåarane røysta ut frå opptaket.[9] Dette var fyrste gongen i Eurovision Song Contest si historie at eit bidrag ikkje vart framført direkte frå scena.

I semifinalen enda «Technicolour» som nummer 14 av 16 med 28 poeng. sidan det berre var dei ti beste som kvalifiserte seg til finalen laurdag 22. mai, vart Australia slått ut i semifinalen. Dette var fyrste gongen sidan debuten i 2015 at Australia ikkje kvalifiserte seg til ein Eurovision-finale.[10]

Listeplasseringar endre

Liste (2021) Høgaste
plassering
  Litauen (AGATA)[11] 42
  Nederland (Single Tip 30)[12] 29

Kjelder endre

  1. «Montaigne releases Australia's official Eurovision song 'Technicolour'». sbs.com.au (SBS). 4. mars 2021. Henta 6. mars 2021. 
  2. «Australia's Montaigne has performed at the Eurovision semi-final. How'd she go?». SBS News (på engelsk). Henta 11. august 2021. 
  3. «Montaigne: “I’m still absolutely stoked I can present Technicolour”». Eurovision.tv (på engelsk). 20. april 2021. Henta 11. august 2021. 
  4. «Photo gallery: Montaigne wins 'Eurovision - Australia Decides 2020'». Eurovision.tv (på engelsk). 8. februar 2020. Henta 5. mars 2021. 
  5. «Technicolour - Single by Montaigne» (på engelsk). Henta 5. mars 2021. 
  6. «Montaigne gives radio premiere of Eurovision 2021 song "Technicolour"». wiwibloggs (på engelsk). 4. mars 2021. Henta 5. mars 2021. 
  7. «Montaigne shines in glorious 'Technicolour'». Eurovision.tv (på engelsk). 4. mars 2021. Henta 5. mars 2021. 
  8. «Montaigne releases Australia’s official Eurovision song ‘Technicolour’». Guide (på engelsk). Henta 5. mars 2021. 
  9. «Australia to compete from home using ‘live-on-tape’ performance». Eurovision.tv (på engelsk). 19. april 2021. Henta 11. august 2021. 
  10. «Eurovision: Ireland and Australia eliminated in first semi-final». BBC News (på engelsk). 19. mai 2021. Henta 21. mai 2021. 
  11. «2021 21-os SAVAITĖS (gegužės 21-27 d.) SINGLŲ TOP100» (på litauisk). AGATA. 28. mai 2021. Arkivert frå originalen 28. mai 2021. Henta 28. mai 2021. 
  12. «Montaigne – Technicolour». dutchcharts.nl (på nederlandsk). Henta 2. juni 2021.