Nynorsk programvare


Dette er eit oversyn over nynorsk programvare, eller programvare omsett til nynorsk.

Nynorsk programvare for Microsoft Windows endre

Grafiske grensesnitt endre

Brukarar av Microsoft Windows XP, Windows Vista, Windows 7, 8 og 10 kan installere nynorsk språkgrensesnitt. Frå og med Windows 8 kan brukarar endre systemspråket til nynorsk frå Kontrollpanelet; tidlegare utgåver av Windows krever at brukaren lastar ned ein installasjonsfil frå Microsoft sine nettsider[1]

Microsoft har også gjeve ut nynorsk språkgrensesnittpakkar for Microsoft Office. Desse må i regelen lastast ned og installerast av brukaren manuelt. Microsoft Office kjem med med nynorsk stavekontroll som ein ikkje treng installere manuelt.

Nettlesarar endre

E-post-klientar endre

Andre kommunikasjonsprogram endre

  • Skype er eit telefoni-, SMS- og direktemeldingsprogram.

Kontorpakkar endre

  • Libreoffice
  • Microsoft Office 2003, 2007, 2010, 2013 og 2016 har språkgrensesnittpakkar på nynorsk som inkluderer grensesnitt, ordliste, stavekontroll, orddelings- og korrekturverktøy.
  • OpenOffice.org

Utviklarverktøy endre

Nynorsk programvare for Apple macOS endre

Grafiske grensesnitt endre

Brukargrensesnittet til macOS finst berre på bokmål.

Dei grafiske grensesnitta som er omhandla i GNU/Linux-delen kan i prinsippet køyrast på macOS, men dette krev kompetanse innanfor datateknologi og er ikkje tilrådeleg for kvardagsbrukarar.

Nettlesarar endre

E-post-klientar endre

Kontorpakkar endre

  • OpenOffice.org—database, presentasjon, teksthandsaming med meir utvikla som open kjeldekode med stønad frå det amerikanske firmaet Sun Microsystems
  • NeoOffice—baserer seg på OpenOffice.org, men har til mål å vera betre integrert med brukargrensesnittet Aqua, som er det vanlegaste på Apple Macintosh-datamaskinar
  • AbiWord -- teksthandsamar. Open kjeldekode
  • LyX (teksthandsamar for LaTeX). Open kjeldekode

Nynorsk programvare for GNU/Linux-operativsystem endre

Fleire typar GNU/Linux endre

  • Debian GNU/Linux er ein GNU/Linux-distribusjon som fokuserer på å vera for det meste fri programvare, og er populær mellom meir avanserte GNU/Linux-brukarar.
  • Fedora GNU/Linux er ein annan populær GNU/Linux-variant som stammar frå den tidlegare distribusjonen Red Hat Linux (som vidareutviklast som tenardistribusjon og distribusjon for profesjonelle arbeidsstasjonar).
  • Skulelinux er den mest kjende norske GNU/Linux-distribusjonen. Den har vorte kjend gjennom at mange skular i Noreg ønskte å byte frå Windows til Skulelinux for å spare pengar og tilby elevane med nynorsk som hovudmål digitale læremiddel på eige språk.

Grafiske grensesnitt endre

  • KDE
  • GNOME er eit grafisk skrivebordsmiljø som i hovudsak vert utvikla av miljøet kring Free Software Foundation og GNU
  • XFCE er eit fritt skrivebordsmiljø som har til mål å vera mindre ressurskrevjande enn dei to som er nemnde ovanfor

Nettlesarar endre

E-post-klientar endre

Kontorpakker endre

Nynorsk programvare for proprietære UNIX-operativsystem eller frie BSD-variantar endre

Dei fleste av programma som er nemnde for GNU/Linux kan òg køyrast på desse systema. Dette gjeld særleg Sun Solaris og dei frie BSD-variantane FreeBSD, NetBSD og OpenBSD.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre