VELKOMMEN TIL TEMASIDA OM SKIHOPPING

endre  

Skihopping

{{{2}}}

Skihopping er ein vinteridrett som går føre seg i ein hoppbakke. Han høyrer til dei nordiske greinene. Utøvaren startar med å køyre ned eit overrenn, gjerne frå eit stillas, og ut på eit rampeliknande hopp. Her tar utøvaren sats og prøver å sveva så langt nedover unnarennet som mulig før nedslaget (landinga). Landinga skal helst bli utført med eit telemarknedslag, kor utøvaren bøyer i knea med den eine skien ført framover. Denne teknikken blei tidligare brukt for å kunne stoppa ein ubalanse framover eller bakover. Nå hindrar sko og bindingar i stor grad dette.

Skihopparen får poeng etter kor langt ned i bakken han hoppar, og etter kor god stil han får. Skihopping kan vere både ein individuell konkurranse og ein lagkonkurranse, såkalla laghopping. Dessutan inngår skihopping som ein av to konkurransar i kombinert.

endre  

Utvald artikkel

{{{2}}}

Vikersundbakken er Nordens einaste skiflygingsbakke. Bakkerekorden er 219 meter og er sett av Roland Müller frå Austerrike. Med denne bakkerekorden er Vikersundbakken den tredje største hoppbakken i verda.

Vikersundbakken blei bygd i 1936 og blei ombygd til skiflygingsbakke i 1966. Same året sette Bjørn Wirkola verdsrekord med 146 meter. Skiflygingsbakken er om- og utbygd fleire gonger, seinast til VM i 2000. Bakken har fram til 2010 status som nasjonalanlegg. Les meir...

endre  

Utvald bilete...

Ein skihoppar i svevet

endre  

Hoppbakkar

endre  

Skiflyging

Skiflyging er nemninga på skihopping i spesielt store hoppbakkar (bakkar med K-punkt over 185 meter). Følgjande hoppbakkar blir definert som skiflygingsbakkar:

Det lengste skihoppet som har blitt utført med landing skjedde i Letalnica, Planica, då Bjørn Einar Romøren hoppa 239 meter.

Les meir...

endre  

Hovudtema på Nynorsk Wikipedia