Terje Johansen
Terje Johansen (fødd 31. august 1941) i Trondheim, er ein norsk siviløkonom og politikar for Venstre. Han representerte Akershus på Stortinget frå 1997 til 2001.
Terje Johansen | |||
Terje Johansen i 1997 Foto: Akershus Venstre | |||
Fødd | 31. august 1941 (83 år) Trondheim | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Politiske verv
endreI perioden 1988 til 1996 var Johansen sentralstyremedlem i Venstre og næringspolitisk talsmann. Han var politisk nestleiar frå 1992 til 1996. Han sat på Stortinget for Akershus frå 1997 til 2001. Han har òg sete fleire periodar i kommunestyret i Frogn.
Utdanning og yrkeskarriere
endreJohansen gjekk naturfaglinja ved Trondheim Katedralskole og tok artium i 1960. Han tok dessutan studentfagkurs ved Trondheim Økonomiske Gymnas i 1964. Johansen blei uteksaminert som siviløkonom frå Norges Handelshøyskole i Bergen i 1967.
Frå 1960 til 1961 jobba han som lærar ved Overhalla Interkommunale Realskole. Han avtente verneplikt i kavaleriet 1961 til 1962. I 1962 hadde han arbeid som skiftarbeidar ved Lade Fabriker. Same året begynte han som salssjåfør for firmaet LB OPheim AS, ein jobb han hadde fram til året etter.
I 1965 begynte Terje Johansen som lærling hos Bank of America i San Francisco. Det året og det neste hadde han òg jobb som timelærar ved Bergen Yrkesskole si linje for handel og kontorfag. Frå 1968 til 1971 jobba han som produktsekretær-salssekretær ved Denofa-Lilleborg AS. Deretter, i 1971, gjekk han over til stillinga som marknadssjef hjå Stabburet AS. Han var i denne jobben fram til 1974. Då blei han leiar for nye prosjekt/direksjonssekretær og var det til 1978. I 1975 var han i tillegg industrirådgjevar for NORAD i Kenya. Etter dei sju åra hjå Stabburet tiltredde Johansen i 1978 stillinga som marknadsdirektør hjå Gyldendal Norsk Forlag. I fem år, fram til 1983 hadde han denne stillinga, til han blei tilsett som administrerande direktør hjå Ernst G. Mortensens Forlag, ei stilling han hadde i fire år, fram til 1987.
Frå 1987 og fram til i dag har Terje Johansen arbeidd som rådgjevar i Norsk Næringsutvikling AS. Frå 1988 til 1996 var han direktør i Orkla Media AS.
Johansen er frå 2006 medlem av representantskapet i Norges Bank.
Terje Johansen er busett i Drøbak. Han er sidan 1967 gift med Berit Johansen, og dei har to born.
Stortingskomitéar
endre- 1997–2001 medlem av Finanskomitéen.