Sykkylven
Sykkylven er ein tettstad og administrasjonssenteret i Sykkylven kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden ligg ytst på austsida av Sykkylvsfjorden og har 4 413 innbyggjarar per 1. januar 2023.[1] Den sentrale delen av tettstaden er kalla Aure og ligg ved Aureelva, som renn ut i fjorden frå Andestadvatnet i aust. Gardsnamnet Aure kjem av «aurr» i tydinga 'grus'. Like ved Aureelva ligg tre lokale skular: barneskule, ungdomsskule og Sykkylven vidaregåande skule.
Sykkylven | |||
Aure | |||
tettstad | |||
Aure til venstre for Sykkylvsbrua på andre sida av fjorden, Ikornnes på motsett side
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Møre og Romsdal | ||
Kommune | Sykkylven | ||
Areal | 3,55 km² | ||
Folketal | 4 413 (2023) | ||
Folketettleik | 1 243 / km² | ||
Postnummer | 6230 SYKKYLVEN | ||
Innbyggjarnamn | sykkylving | ||
Sykkylven 62°23′33″N 6°35′00″E / 62.3925°N 6.583333°E |
Sykkylven er eit senter for handel og tenesteverksemd. Staden har også industri, der særleg møbelindustrien har stått sterkt. Mellom anna har møbelprodusenten Brunstad hovudkontor og Hjellegjerde ein fabrikk i Sykkylven.
I Sykkylven sentrum (Aure) er funne buplassar med fleire større hus frå jern- og bronsealderen. Arkeologiske utgravingar på Auremarka viser busetnadsspor som går tilbake til 800 år før vår tidsrekning.[2] I tettstaden ligg også Sykkylven Naturhistoriske Museum med oppbygd naturlandskap for fuglar og dyr. Sykkylven kyrkje er ei arbeidskyrkje i betong som vart oppført i 1990. Norsk Møbelfaglig senter, som utgjer ein del av Stiftelsen Sunnmøre museum, ligg i Aure. Avisa Sykkylvsbladet kjem ut i Sykkylven to dagar i veka.[1]
Sykkylven har vegsamband med Ålesund via ferje over Storfjorden, som del av fylkesveg 60 og E39. Fylkesveg 60 held fram sørover via Stranda til E39 i Hornindal i Nordfjord.[3]
Bilete frå Sykkylven
endre-
Sykkylvsbrua som går over Sykkylvsfjorden mellom Ikornnes og Aure
-
Aure sett frå fjorden i 1949
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Sykkylven». Store norske leksikon. 15. februar 2018. Henta 26. september 2016.
- ↑ Stedsanalyse: dokument. Oslo: Miljøverndepartementet. 1993. ISBN 8272439522.
- ↑ «Sykkylven – tettstedet». Store norske leksikon. 28. september 2015. Henta 26. september 2016.