The Least We Can Do Is Wave to Each Other

The Least We Can Do Is Wave to Each Other
Studioalbum av Van der Graaf Generator
Utgjeve Februar 1970
Innspelt 11. til 14. desember 1969
Studio Trident, London
Sjanger Progressiv rock
Lengd 43:50
Selskap Charisma (Storbritannia)
Probe (USA)
Produsent John Anthony
Van der Graaf Generator-kronologi
The Aerosol Grey Machine
(1969)
The Least We Can Do Is Wave to Each Other H to He, Who Am the Only One
(1970)


The Least We Can Do Is Wave to Each Other er det andre studioalbumet til det engelske progressive rockebandet Van der Graaf Generator, gjeve ut i februar 1970 på Charisma Records. Det var det første albumet deira som kom ut i Storbritannia og det einaste som nådde topp 50 på albumlista i heimlandet.

Songane på albumet var stort sett skrivne av leiaren i gruppa, Peter Hammill, men arrangerte og innøvde av heile gruppa. Tekstane dekkjer tema som omfattar venskap, trolldom og apokalyptiske katastrofar, medan musikken varierte frå balladar som «Refugees» til uvanlege og aggressive spor som «White Hammer» og «After the Flood». I tillegg til ein kort kommersiell suksess, fekk albumet òg god kritikk.

BakgrunnEndra

Sjølv om dette er det andre albumet i Van der Graaf Generator-katalogen, vert det rekna som den første utgjevinga i Storbritannia, og bandet rekna det som det første skikkelege albumet deira. Det tidlegare The Aerosol Grey Machine (september 1969) hadde blitt skrive og spelt inn som eit soloalbum av Peter Hammill for Mercury Records. Gjennom ein avtale utarbeidd av manageren Tony Stratton-Smith, kom albumet ut under namnet Van der Graaf Generator i byte mot at gruppa vart frigjeven frå kontrakten sin med Mercury.[1]

 
Songen «White Hammer» var skriven om Malleus Maleficarum, som dokumenterer trolldom i mellomalderen.

Gruppa byrja å øve til det nye albumet i september 1969.[2] Hammill skreiv dei fleste songane og presenterte dei til bandet som ferdige stykke dei kunne spele til,[3] men arrangementa vart utarbeidd av alle i gruppa, særskild organisten Hugh Banton og det nye medlemmet, saksofonisten David Jackson, og heile gruppa improviserte fleire stykke i lag.[4] Banton hadde ein bakgrunn som kyrkjeorganist, og han fann ut at entusiasmen sin for moderne fransk, klassisk musikk kombinerte godt med låtskrivinga til Hammill.[3]

«Darkness (11/11)» fekk tittelen sin frå at han vart skriven 11. november 1968,[3] og var det første stykket der Jackson spelte alt- og tenorsaksofon samstundes, inspirert av Roland Kirk.[5] «Refugees» var skriven av Hammill for dei tidlegare romkameratane Mike McLean og Susan Penhaligon, medan «White Hammer» handla om Malleus Maleficarum og trolldom i mellomalderen.[6] «Whatever Would Robert Have Said?» refererer til Robert J. Van de Graaff, som fann opp Van de Graaff-generatoren som gruppa tok namnet sitt frå. Jackson skreiv musikk til «Out of My Book» på piano, og han vart fullført av Hammill på gitar.[6]

Det siste sporet, «After the Flood» var eit science fiction-nummer som synte etterverknaden etter ein apokalyptisk flaum og inneheldt eintolvtonefigur arrangert av Jackson og mange forskjellige endringar i stemning og stil.[7] Tekstens siterte Albert Einstein som var uroa over våpenkappløpet mellom USA og Sovjetunionen som førte til den kalde krigen.[8][9][10]

InnspelingEndra

 
eit Farfisa-orgel, liknande det Hugh Banton brukte på albumet.

Stratton-Smith skipa Charisma Records seint i 1969, og signerte Van der Graaf Generator som ein av dei første artistane sine.[11] Albumet vart spelt inn i løpet av fire dagar i Trident Studios i London, frå 11. til 14. desember 1969 med produsenten John Anthony.[12] Stratton-Smith gav bandet kunstnarisk fridom. Trommeslagaren Guy Evans hugsa at Anthony var «særs flink til å organisere» og såg intelligensen og dei kunstnariske evnene til Hammill.[13] Trident hadde noko av det mest avanserte studioutstyret på den tida;[14] og det meste av albumet vart spelt inn på ein 8-spors lydbandopptakar, utanom «After the Flood», som vart spelt inn på 16-spor.[15]

Anthony la til lydeffektar frå lydbiblioteket til BBC i byrjinga av «Darkness» og køyrde røysta til Hammill gjennom tremolo- og forvrengingsboksar på delar av «After the Flood». Mike Hurwitz spelte cello på «Refugees». Banton skal ha skrive den delen, men vart ikkje oppført som låtskrivar. Han arrangerte òg det ni mann store orkesteret for ei nyinnspeling av sporet som kom ut på ein seinare singel. Gerry Salisbury spelte kornett på «White Hammer».[16] Bandet var godt innøvd og spelte inn palta raskt, og fekk tid nok til overs til at bassisten Nic Potter kunne leggje til elektrisk gitar på somme spor.[16]

UtgjevingEndra

Albumet kom ut i Storbritannia i februar 1970. Stratton-Smith var ikkje nøgd med produksjonen til Anthony og spurte Shel Talmy om å mikse det på ny. Dei første trykka av albumet kom ut med miksen til Talmy, men bandet likte ikkje denne og overtydde Charisma om å la Anthony mikse det på nytt, og denne er nytta på alle seinare utgjevingar.[17] På plateomslaget er plata dedisert til «L & M, without whom everyone would have been much happier», ein kritikk av Lou Reizner og Mercury Records.[17] Den første amerikanske utgåva av albumet kom ut på Probe Records-avdelinga til ABC Records, òg i 1970. Det hadde eit anna plateomslag enn den britiske utgåva.[18]

Tittelen er henta frå kunstnaren John Minton: «We're all awash in a sea of blood, and the least we can do is wave to each other.»[19]

For å marknadsføre albumet spelte gruppa «Darkness (11/11)» og «After the Flood» på ei innspeling for BBC Radio 1. Desse innspelingane kom seinare ut i plateboksen The Box.[20] I april 197 framførte gruppa «Darkness» og «Whatever Would Robert Have Said?» for det tyske TV-showet Beat Club der Jethro Tull spelte på same show.[21]

MottakingEndra

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic      [22]

Albumet var det første (og einaste) som nådde topp 50 på den britiske albumlista. Kritikarane var stort sett positive. Ei melding i International Times sa albumet var den beste debutplata sidan King Crimson sitt In the Court of the Crimson King, medan Time Out sa det var «det sterkaste dei hadde høyrt på lenge».[14]

I spesialutgåva til magasina Q & Mojo kalla Pink Floyd & The Story of Prog Rock, vart albumet plassert på 15. plassen på lista deira «40 Cosmic Rock Albums».[23]

François Couture skreiv om albumet på AllMusic og skildra den forvridde leveringa til Hammill av ordet «Annihilation» i «After the Flood» som «eit av dei skumlaste augneblikka i historia til britisk progrock».[15] David Jackson valte å ikkje spele «White Hammer» til en ven medan borna hans var til stades, i frykt av dei kom til bli redd av musikken.[24]

InnhaldEndra

Alle songar skrivne av Peter Hammill, utanom der andre er nemnde.

Nr.TittelLengd
Nr.TittelLengd
Nr.TittelLengd

MedverkandeEndra

Van der Graaf Generator
Andre medverkande
  • Mike Hurwitz – cello på «Refugees»
  • Gerry Salisbury – kornett på «White Hammer»
Produksjon
  • Van der Graaf Generator – arrangement
  • John Anthony – produsent
  • Robin Geoffrey Cable – innspeling og lydteknikar

SalslisterEndra

År Liste Plassering
1970 UK Albums Chart 47[25]

KjelderEndra

  1. Christopulos & Smart 2005, s. 59.
  2. Christopulos & Smart 2005, s. 55.
  3. 3,0 3,1 3,2 Hughes 2012, s. 53.
  4. Christopulos & Smart 2005, s. 56.
  5. Christopulos & Smart 2005, s. 56-57.
  6. 6,0 6,1 Christopulos & Smart 2005, s. 57.
  7. Christopulos & Smart 2005, s. 58.
  8. The Least We Can Do Is Wave to Each Other. Charisma Records. 1970. CAS 1007. 
  9. DeGroot, Gerard (2011). The Bomb: A Life. Random House. s. 172. ISBN 978-1-446-44961-5. 
  10. Hammill, Peter. «The Least We Can Do is Wave to Each Other – After the Flood». SofaSound. Henta 26. juli 2020. 
  11. Christopulos & Smart 2005, s. 60.
  12. Christopulos & Smart 2005, s. 62.
  13. Hughes 2012, s. 52.
  14. 14,0 14,1 Hughes 2012, s. 55.
  15. 15,0 15,1 Couture, François. «After the Flood – Van der Graaf Generator». AllMusic. Henta 26. juli 2020. 
  16. 16,0 16,1 Christopulos & Smart 2005, s. 63.
  17. 17,0 17,1 Christopulos & Smart 2005, s. 65.
  18. «Van Der Graaf Generator - The Least We Can Do Is Wave To Each Other». Discogs. Henta 26. juli 2020. 
  19. The Least We Can Do Is Wave to Each Other (additional poster). Charisma Records. 31. desember 1969. CAS 1007. Henta 26. juli 2020. 
  20. Thompson, Dave. «Darkness (11/11)». AllMusic. Henta 26. juli 2020. 
  21. Christopulos & Smart 2005, s. 68-69.
  22. McDonald, Steven (2011). «The Least We Can Do Is Wave to Each Other – Van der Graaf Generator | AllMusic». allmusic.com. Henta 26. juli 2020. 
  23. Q Classic: Pink Floyd & The Story of Prog Rock, 2005.
  24. Christopulos & Smart 2005, s. 70.
  25. «Official Charts Company». Official Charts Company. Henta 26. juli 2020.