The Stone Poneys av The Stone Poneys

The Stone Poneys
Studioalbum av The Stone Poneys
Språk engelsk
Utgjeve 30. januar 1967
Innspelt Oktober og november 1966
Sjanger Folkrock
Lengd 27:24
Selskap Capitol
Produsent Nik Venet
The Stone Poneys-kronologi 
The Stone Poneys Evergreen, Volume 2
(1967)


Singlar frå The Stone Poneys
  1. «Sweet Summer Blue and Gold»
    Utgjeve: 20. februar 1967

The Stone Poneys er det første studioalbumet til The Stone Poneys, utgjeve 30. januar 1967. Om ein ser bort frå den tidlegare singelen So Fine», som var produsert av Mike Curb i 1965, var dette albumet den første offisielle innspelinga til Linda Ronstadt. Om det var meininga eller ikkje syner fotografiet på framsida bandet som ein moderne versjon av Peter, Paul and Mary og fleire av songane vart sungen med liknande tredelt harmonisong.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars[1]

Utgjeving endre

Albumet kom ut på Capitol den 30. januar 1967 i både monolyd og stereo.

I mars 1975 gav Capitol ut albumet på ny under namnet The Stone Poneys Featuring Linda Ronstadt, etter at Linda Ronstadt hadde slått gjennom som soloartist med Heart Like a Wheel. Originalalbumet gjekk ikkje inn på albumlistene, men denne nyutgjevinga nådde 172. plassen på Billboard-lista.

Songane på albumet heller meir mot visesida enn rockesida av av folkrock-stilen. Kenny Edwards omtalte desse innspelingane: «Den første plata var i røynda berre bass, trommer og oss. Med ønskte noko som likna det me gjorde på scenen, med ein rytmeseksjon i tillegg. Eg trur ikkje me vart spelte på radio i det heile tatt.»[2]

Dei fleste av songane på albumet vart skrivne av bandmedlemmane Bobby Kimmel og Kenny Edwards i lag. Edwards skreiv «Back Home» aleine. Kimmel og Edwards hadde alt skrive songar i lag før Ronstadt flytta til Los Angeles. Sjølv om song mykje harmonivokal gjennom karrieren - mellom anna i lag med Dolly Parton og Emmylou Harris, skilde desse tidlege songane seg frå det Ronstadt kom til å spele seinare i karrieren, sidan dette var i lag med to menn.

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Sweet Summer Blue and Gold»Bobby Kimmel, Ken Edwards2:18
2.«If I Were You»Kimmel, Edwards1:58
3.«Just a Little Bit of Rain»Fred Neil2:20
4.«Bicycle Song»Kimmel, Edwards1:53
5.«Orion»Tom Campbell3:20
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Wild About My Lovin'»Tradisjonell, arr. Kimmel, Linda Ronstadt and Edwards3:50
2.«Back Home»Edwards2:00
3.«Meredith (On My Mind)»Kimmel, Edwards2:10
4.«Train and the River»Kimmel, Edwards2:18
5.«All the Beautiful Things»Kimmel, Edwards1:55
6.«2:10 Train»Campbell, Linda Albertano3:20

Medverkande endre

[3]

Kjelder endre

  1. Allmusic review
  2. Online excerpt, Richie Unterberger, Eight Miles High: Folk-Rock's Flight from Haight-Ashbury to Woodstock, 2003: Backbeat Books, ISBN 978-0-87930-743-1. Henta 2009-04-05.
  3. «Album Credits». Allmusic Credits List. Henta 28. november 2020.