Evergreen, Volume 2
Evergreen, Vol. 2 Studioalbum av The Stone Poneys | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 12. juni 1967 | |
Innspelt | Spring 1967 | |
Sjanger | Folkrock | |
Lengd | 32:51 | |
Selskap | Capitol | |
Produsent | Nick Venet | |
The Stone Poneys-kronologi | ||
---|---|---|
The Stone Poneys (1967) |
Evergreen, Vol. 2 | Linda Ronstadt, Stone Poneys & Friends, Vol. III (1968)
|
Singlar frå Evergreen, Vol. 2 | ||
|
Evergreen, Vol. 2 er det andre studioalbumet til Stone Poneys, gjeve ut fem månader etter debutplata The Stone Poneys i 1967. Det var det bestseljande av dei tre albuma Stone Poneys gav ut.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Utgjeving
endreAlbumet kom ut på Capitol i juni 1967 i både monolyd og stereo.
I motsetnad til det første albumet, var Linda Ronstadt solovokalist på nesten alle songane, og berre få av songane vart sungen i lag i harmoni. Unntaket var tittelsporet «Evergreen» (som òg vart gjeven ut som B-sida til den første singelen frå albumet, «One for One»). Kenny Edwards song solo på «Part One», medan «Part Two» er ein instrumental. Begge partane har ei kjensle av psykedelisk rock med sitar spelt av Edwards.
Albumet inneheld den største hitten deira, «Different Drum», skriven av Mike Nesmith før han vart med i The Monkees. The Stone Poneys-versjonen nådde 12. plassen på Billboard Hot 100-lista (med 'featuring Linda Ronstadt' trykt på singeletiketten). Edwards fortalte at originalinnspelinga deira var basert på ein versjon av The Greenbriar Boys frå albumet Better Late than Never! frå 1966. «Vår versjon var ganske lik den, med mandolin, ein slags jugbandaktig, bluegrass-lite-versjon.»[2] Plateprodusenten Nik Venet meinte at songen kunne bli ein hit og fekk Ronstadt til å spele han inn med andre musikarar. «Different Drum» gjekk først inn på lista i november 1967, etter at bandet hadde turnert i fire månadar for å marknadsføre albumet. Edwards hadde då alt slutta i Stone Poneys.
Den første singelen frå albumet, «One for One», gjekk ikkje inn på lista. Han var skriven i lag med Austin DeLone, som seinare var med i countryrockbandet Eggs Over Easy.[3]
Fem av songane var skrivne i lag av bandmedlemmane Bobby Kimmel og Edwards. Kimmel skreiv òg «New Hard Times» i lag med Mayne Smith, som var medlem i bluegrassbandet The Redwood Canyon Ramblers frå San Francisco.[4]
Mange av dei andre låtskrivarane på albumet, som Stone Poneys sjølv, var visemusikarar i Los Angeles som sleit med å slå gjennom. Steve Gillette bidrog med «Song about the Rain» og «Back on the Street Again», og song harmonivokal med Ronstadt på sistnemnde. Sunshine Company fekk den største hitten sin med «Back on the Street Again» (36. plassen på Billboard); og Gillette spelte han inn på det sjølvoppkalla debutalbumet.[5]
«December Dream» er opningssporet på albumet, og var skriven av John Braheny, som hadde ein kort karriere som visesongar før han gjekk inn i andre område av musikkindustrien. Fred Neil spelte inn songen på denne tida òg.[6]
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «December Dream» | John Braheny | 3:30 |
2. | «Song About the Rain» | Steve Gillette | 2:40 |
3. | «Autumn Afternoon» | Ken Edwards/Bobby Kimmel | 2:35 |
4. | «I've Got to Know» | Pamela Polland | 2:38 |
5. | «Evergreen (Part One)» | Edwards/Kimmel | 3:10 |
6. | «Evergreen (Part Two)» | Edwards/Kimmel | 3:33 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Different Drum» | Mike Nesmith | 2:45 |
2. | «Driftin'» | Edwards/Kimmel | 2:30 |
3. | «One for One» | Al Silverman/Austin DeLone | 2:50 |
4. | «Back on the Street Again» | Steve Gillette | 1:50 |
5. | «Toys in Time» | Edwards/Kimmel | 1:50 |
6. | «New Hard Times» | Mayne Smith/Kimmel | 3:00 |
Medverkande
endreBandmedlemmar
endre- Bobby Kimmel: gitar
- Kenny Edwards: gitar, sitar
- Linda Ronstadt: solovokal, fingercymbal
Andre musikarar
endre- Jimmy Bond: bass
- Dennis Budimir: gitar
- Pete Childs: gitar
- Cyrus Faryar: akustisk gitar, bouzouki
- John T. Forsha: gitar
- Steve Gillette: gitar, harmonivokal (på «Back on the Street Again»)
- Jim Gordon: trommer
- Bernie Leadon: gitar på «Different Drum»[7]
- Billy Mundi: trommer
- Joe Osborn: elektrisk bass
- Don Randi: cembalo
- Sidney Sharp: fiolin, konsertmeister
- Norman Botnick: strykarar
- William Durasch: strykarar
- Jesse Ehrlich: strykarar, fiolin, cello, bratsj
- Harry Hyams: strykarar, fiolin, cello, bratsj
- William Kurasch: fiolin, cello, bratsj
- Leonard Malarsky: strykarar
- Stanley Plummer: strykarar, fiolin, cello, bratsj
- Robert Sushel: strykarar, fiolin, cello, bratsj
Teknisk
endre- Warren Barnett: mastering
- Richie Unterberger: notat i plateomslaget
- Peter Shillito: konsept og utgjeving
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Evergreen, Volume 2» frå Wikipedia på engelsk, den 28. november 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Erlewine, Stephen Thomas. Evergreen, Volume 2 på Allmusic. Henta 28. november 2020.
- ↑ Online excerpt, Richie Unterberger, Eight Miles High: Folk-Rock's Flight from Haight-Ashbury to Woodstock, 2003: Backbeat Books, ISBN 978-0-87930-743-1. Henta 5. april 2009.
- ↑ Thompson, Dave. Evergreen, Volume 2 på Allmusic. Henta 28. november 2020.
- ↑ Redwood Canyon Ramblers. Henta 28. november 2020.
- ↑ Roach, Pemberton. Evergreen, Volume 2 på Allmusic. Henta 28. november 2020.
- ↑ Erlewine, Stephen Thomas. Evergreen, Volume 2 på Allmusic. Henta 7. juni 2009.
- ↑ https://bringmethenews.com/life/linda-ronstadt-praises-minneapolis-music-legend