Xalam
Xalam (på serer) eller khalaam (volof) er ein tradisjonell lutt frå Vest-Afrika med 1-5 strenger.[1]
Xalam | |||
| |||
Klassifisering | klimpra luttinstrument med skålforma kropp | ||
---|---|---|---|
Hornbostel-Sachs klassifisering | 321.321-5 |
Instrumentet er utbreidd i Mali, Gambia, Senegal, Niger, Nord-Nigeria, Nord Ghana, Burkina Faso, Mauritania og Vest-Sahara. Det og variantar av det er òg kjende i andre språk som pappe, diassare, hoda (fulfulde), koliko (gurunsi), kologo (frafra),[2] komsa, kontigi, gurmi, garaya (hausa), konje, konting (mandinka), molo (songhay/zarma), ndere, ngoni (bambara), og tidinit (hassaniyya og berbisk).
På volof blir ein musikar som spelar xalam kalla xalamkat (eit ord som består av den verbale forma for xalam, som tyder ‘å spela xalam’, og det agentive suffikset -kat, som dermed tyder ‘ein som xalamerer’).På mande er dette ngonifola eller konting fola. På hausa seier ein mai gurmi eller mai kontigi.
Bygging og stemming
endreStandardforma av xalam er ein enkel lutt-kordofon med ein til fem strenger. Trekroppen (lydboksen) til instrumentet er ein oval membranfon som er dekka med skinn frå storfe. Strengane til xalam er typisk laga av to eller tre stramt tvinna strengar av tynn nylon. Desse strengane er festa til trehalsen på med lange og smale lêrstroppar og til brua, også den av tre, med bomullstråd. Ved å flytte stroppane kan ein endra stemminga til instrumentet. Xalam har vanlegvis to hovudmelodistrengar som blir klimpra med venstre hand (som strengane på gitar eller banjo) og to til tre tilleggstrengar med fast tonehøgd. Dei fleste xalam-spelarar byggjer sine eigne instrument, sjølv om dei vanlegvis nyttar snikkarar (lawbe) til å skjera ut kroppen, halsen og brua for seg
Bruk
endreI dei fleste områda blir xalam spelt av ein mannleg griot, eller lovsongarar som er fødde inn i yrket. Det blir som oftast brukt som eit solo- eller duoinstrument til å akkompagnera lovsong og historiske resitasjonar. I nokre område kan instrumentet også vera del av eit større ensemble med kora, trommer og kalebassar. Det blir tradisjonelt nytta til bryllaupsfeiringar, namneseremoniar og er no er no eit vanleg instrument i folkremusikkgrupper, populære mbalax-grupper og ndaga-varieté.
Kjelder
endre- ↑ J. H. Kwabena Nketia (1974). The Music of Africa. New York: W. W. Norton and Company. s. 103, 258.
- ↑ Guttman, Yoav. «What is a Kologo?». Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 17. juni 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Xalam» frå Wikipedia på engelsk, den 10. november 2023.