Todrakttjeld

fugleart
Todrakttjeld
Todrakttjeld, foto frå Abel Tasman National Park Foto: Jörg Hempel
Todrakttjeld, foto frå Abel Tasman National Park
Foto: Jörg Hempel
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Tjeldfamilien Haematopodidae
Slekt: Tjeldfamilien Haematopus
Art: Todrakttjeld H. unicolor
Vitskapleg namn
Haematopus unicolor

Todrakttjeld, Haematopus unicolor, er ein vadefugl i tjeldfamilien, Haematopodidae. Han er endemisk for New Zealand og kan treffast langs kysten på begge hovudøyane og dei næraste, mindre øyar inkludert Stewart Island/Rakiura og småøyar rundt Stewart Island.

Skildring endre

 
Svart-kvit variant i Wellington Harbour
Foto: Tony Wills

Todrakttjeld er ein relativt stor tjeldart, ca. 48 centimeter lang med ei kroppsvekt på 725 gram. Første delen av trivialnamnet, «todrakt», refererer til variasjon i fjørdrakta, todrakttjeld kan ha begge dei framtredande fjørdraktene som er utbreidde i tjeldfamilien, heilt svart drakt, og svart på oversida og kvit på undersida. Han har dessutan ei mellomform, soleis kan eit individ av arten anten vere heilt svart, svartkvit eller svart med varierande mengd kvite flekker på undersida. I alle drakttypar har dei raudt eller oransje nebb og oransje augering og lyseraude føter. Hofuglar er litt større enn hannar, særleg nebblengda skil seg litt.

Ein kan finne todrakttjelden langs store delar av kysten, på Nordøya er han mest vanleg langs nordaustkysten frå Mahia Peninsula til North Cape. På Sørøya er han sjeldan på delar av austkysten nord for Dunedin. Meir enn halve populasjonen lever på Nordøya. Hekkeområdet og overvintringsområdet er mykje det same, men nokre fuglar kan trekke mot estuar om vinteren.

Dietten består av muslingar, makk og krabbar, og andre virvellause dyr som dei finn på sandstrender og mudderflater. Dei kan anten opne muslingane eller hakke gjennom skala. Berre sjeldan søkjer dei mat ved sandstender eller på grasmark.

Mange todrakttjeldpar vernar eit territorium heile året og para held saman over fleire år. Reira er enkle, grunne skraper i sand eller grus, litt over springflodmål. Dei kan òg hekke ved innsjøar opp til 30 kilometer inn i landet, til dømes ved Lake Wairarapa. Kullet er vanlegvis på 2-3, maksimum 5 egg. Klekkinga skjer etter ca. 28 dagar og ungane kan flyge etter 6-7 veker. Dei er 3 år nå dei blir hekkefuglar, og det eldste kjente individet av todrakttjeld blei over 27 år.

Arten har status som verna utan å vere trua, og bestanden er estimert til ca. 4 000 individ (2005), og er trudd å vere aukande.[1]

Kjelder endre

  • Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005

Referansar endre

  1. BirdLife International 2012

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Todrakttjeld