Opna hovudmenyen
Too Much Love Will Kill You
Singel av Brian May
frå albumet Back to the Light
B-side «I'm Scared»
Utgjeve 1992
Innspelt 1988–1992
Sjanger Softrock
Lengd 4:26
Selskap Parlophone (Europa)
Hollywood (Nord-Amerika)
Låtskrivar(ar) Brian May
Frank Musker
Elizabeth Lamers
Produsent Brian May, Justin Shirley-Smith
Brian May-kronologi
«Driven by You»
(1992)
Too Much Love Will Kill You «Back to the Light"
(1992)


Too Much Love Will Kill You
Singel av Queen
frå albumet Made in Heaven
B-side «We Will Rock You»/«We Are the Champions»
«Spread Your Wings»
Utgjeve 26. februar 1996
Innspelt 1988–1995
Sjanger Rock
Lengd 4:20
3:52 (promo edit)
Selskap Parlophone (Europa)
Hollywood (Nord-Amerika)
Låtskrivar(ar) Brian May
Frank Musker
Elizabeth Lamers
Produsent Queen
Queen-kronologi
«I Was Born to Love You»
(1996)
Too Much Love Will Kill You «Let Me Live»
(1996)


«Too Much Love Will Kill You» er ein song skriven av den britiske gitaristen Brian May frå Queen, Frank Musker og Elizabeth Lamers.[1] Songen var inspirert av faren til May som var dødssjuk av kreft. Det var den første innspelinga av Queen kring 1988 eller før som var meint for albumet The Miracle i 1989, men kom ikkje med på albumet på grunn av juridiske problem med at bandet valte at alle songane på albumet skulle tilskrivast heile bandet, og ikkje dei individuelle låtskrivarane. Etter Freddie Mercury døydde i 1991, arrangerte May ein soloversjon, som han framførte på the Freddie Mercury Tribute Concert i 1992,[2] og sidan på soloalbumet Back to the Light same året. Songen vart gjeven ut på singel og nådde femteplassen på UK Singles Chart i Storbritannia. Fordi han vart først framført på The Freddie Mercury Tribute Concert, var det mange som trudde at han vart skriven som ein hyllest til Freddie Mercury.

Songen kom òg ut på samlealbumet Now That's What I Call Music! 33.

Innhaldsliste

SalstroféEndra

Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI)[3] Sølv 200 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Queen-versjonenEndra

I 1995 valte dei attverande Queen-medlemmane å ta med originalinnspelinga av «Too Much Love Will Kill You», med Mercury på vokal, for albumet Made in Heaven. Albumet kom ut fire år etter at Mercury døydde.[4] Queen-versjonen er ein powerballade typisk for seint i 1980-åra, med mykje klaverinstrument og elektrisk gitar. Han nådde 15. plassen på den britiske singellista i 1996, og vart ikkje den same salsuksessen som soloversjonen til May hadde vore. Queen-versjonen har sidan blitt rekna som den definitive versjonen då han vann prisen «Best Song Musically and Lyrically» under Novello Awards i 1997.[1]). Songen vart då òg gjeven ut på Queen-albumet Greatest Hits III.[5]

MusikkvideoEndra

Videoen til Brian May-versjonen av songen var regissert av David Mallet og består av May som syng føre kamera med klipp frå forskjellige heimevideoar. Videoen til Queen-versjonen vart regissert av DoRo og består av mange forskjellige klipp frå konsertar og andre musikkvideoar av bandet.

MedverkandeEndra

Andre versjonarEndra

I 2003 framførte Queen og Luciano Pavarotti ei utgåve av «Too Much Love Will Kill You», ved den veldedige konserten til tenoren i Modena i Italia.[6]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Billboard 21 Jun 1997 Billboard. Henta 31. juli 2016
  2. The Freddie Mercury Tribute Concert: Too Much Love Will Kill You Ultimate Queen. Henta 2. juli 2011
  3. «British single salstrofé – Too Much Love Will Kill You». British Phonographic Industry.  Enter Too Much Love Will Kill You in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
  4. Made in Heaven (Track 8) Ultimate Queen. Henta 2. juli 2011
  5. Brian May interview. BBC Radio 2. Broadcast 12. september 2005.
  6. Pavarotti and Friends 2003; Press and News Henta 230. juli 2016

BakgrunnsstoffEndra