Opna hovudmenyen

Tor Hagfors (18. desember 193017. januar 2007) var ein norsk forskar, radioastronom, radarekspert og ein pionér innan studia av vekselsverknadene mellom elektromagnetiske bølgjer (radiobølgjer) og eit plasma. Han var ein av fleire teoretikarar som utvikla teorien bak inkoherent spreiing tidleg på 1960-talet.

Tor Hagfors
Tor Hagfors.jpg
Fødd18. desember 1930
Oslo
Død17. januar 2007
Puerto Rico
NasjonalitetNoreg
Yrkefysikar
InstitusjonarCornell University
Alma materNoregs tekniske høgskole
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Hagfors studerte ved Norges tekniske høyskole (no Norges teknisk-naturvitskapelege universitet), tok doktorgraden sin i 1959 ved Universitetet i Oslo, og arbeidde ved Forsvarets forskingsinstituttet frå 1955 til 1963, avbrote av forskingsopphald ved Stanford i Palo Alto i California frå 1959 til 1960. Han var tilsedd ved Lincoln-laboratoriet i Lexington i Massachusetts i to periodar, frå 1963 til 1967 og frå 1969 til 1971. Frå 1967 til 1969 var han direktør for Jicamarca-observatoriet utanfor Lima i Peru. Han forelas i elektroteknikk ved NTH frå 1973 til 1982, og i perioden 1975 til 1982 var han i tillegg direktør for EISCAT og stod for oppbygginga av radaranlegga i Skandinavia.

Frå 1982 til 1991 var Hagfors direktør ved National Astronomy and Ionosphere Central (NAIC) som står for drifta av Arecibo-observatorietPuerto Rico, og professor i astronomi og elektroteknikk ved Cornell University i Ithaca i New York.

I 1992 vart han utnemnt som direktør for Max-Planck-Instituttet for Aeronomi i Lindau i Tyskland, ei stilling han hadde til han vart pensjonert i 1998. Han var leiar for EISCAT Council frå 1995 til 1996, leiar for romfartskomiteen i Noregs forskingsråd frå 1992 til 1997, og medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi sidan 1995. Han var gjesteprofessor ved Universitetet i Tromsø, Universitetet i Nagoya i Japan, og Universitetet i Lancaster i Storbritannia.

Hagfors forska innan mange emne og omfatta blant anna modifisering av ionosfæren, radarastronomi innan solsystemet, observasjon av planetære overflater frå romfartøy, teknikkar innan radiobaserte observasjonar, spreiing frå ru overflater, termiske fluktuasjonar i komplekse plasma (støvplasma), antenner og forplantninga av radiobølgjer. Han publiserte omkring 170 vitskapelege artiklar.

Asteroiden 1985 VD1 vart døypt 7279 Hagfors i år 2000.

KjelderEndra