Trine Skei Grande

norsk politikar

Trine Skei Grande (fødd 2. oktober 1969 i Overhalla) er ein norsk politikar frå partiet Venstre. Ho har vore stortingsrepresentant frå Oslo sidan 2001, først som fast møtande vararepresentant for statsråd Odd Einar Dørum, deretter som vald stortingsrepresentant frå 2005. Grande var partileiar i Venstre i perioden 2010–2020 og var parlamentarisk leiar 2001–2005 og 2009–2018.

Trine Skei Grande

Fødd2. oktober 1969 (54 år)
Overhalla i Trøndelag
Statsborgar av Noreg
PartiVenstre
YrkeLærarinne, politikar
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
Universitetet i Trondheim
FarHelge Grande
MedlemNorsk Kvinnesaksforening
VervNorsk kunnskaps- og integreringsminister 24. januar 2020– 13. mars 2020
FøregangarJan Tore Sanner
VervNorsk kultur- og likestillingsminister 22. januar 2018– 24. januar 2020
EtterfylgjarAbid Raja
VervNorsk kulturminister 17. januar 2018– 22. januar 2019
FøregangarLinda Hofstad Helleland
VervPartileiar i Venstre 2010– i dag
FøregangarLars Sponheim
VervStortingsrepresentant 2001– i dag
Alle verv

Grande vart norsk kulturminister frå 17. januar 2018, etter at Venstre valde å gå inn i regjeringa Solberg.[1] Frå 22. januar 2019 til 24. januar 2020 var ho kultur- og likestillingsminister, etter å ha teke over ansvaret for likestillings- og diskrimineringsspørsmål frå Barne- og likestillingsdepartementet.[2] Ho var kunnskaps- og integreringsminister frå 24. januar til 13. mars 2020.

Biografi endre

Skei Grande voks opp i Nord-Trøndelag, men har budd fast i Oslo sidan 1994. Ho tok eksamen i samfunnsøkonomi grunnfag ved Universitetet i Trondheim 1989. Ho tok statsvitskap mellomfag ved Universitetet i Oslo 1990–1991 og historie grunnfag same stad 1991–1992.

Yrkeskarrieren starta som frilansjournalist i Namdal Arbeiderblad 1984–1988. Ho var i 1989 valkampsekretær i Nord-Trøndelag Venstre og lærarinne ved Hunn barneskole ei kort tid same året. I 1990 arbeidde Skei Grande som sekretær i Venstres hovudorganisasjon og i Unge Venstre.

Ho var adjunkt ved Levanger vidaregåande skole 1992–1994 og forelas i sosialfag ved Høgskolen i Levanger i 1993. I 1994–1995 var ho informasjonssekretær i Norsk Studentunion og generalsekretær i Norges Bygdeungdomslag 1995–1997. Ho var generalsekretær i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner 1997–1999.[3]

Politisk karriere endre

Skei Grande var leiar i Nord-Trøndelag Unge Venstre 1987–1989, medlem av sentralstyret i Unge Venstre 1989–1991, leiar i Norges Venstrekvinnelag 1990–1992 og leiar i Oslo Venstre 1997–2000. Skei Grande var nestleiar i Venstre 2000–2010. Etter valnederlaget i 2009, da stortingsgruppa til Venstre vart redusert frå ti til to representantar, var hovudoppgåva til Skei Grande å atterreise tilliten til partiet. Ho tok over leiarvervet etter Lars Sponheim våren 2010. I åra etterpå stod ho fram som ein meir samlande leiarfigur i Venstre enn forgjengaren.[4]

Ved stortingsvalet 2013 gjekk Venstre fram frå 3,8 til 5,2 prosent og fekk ni representantar. Venstre hadde i perioden 2013–17 ein samarbeidsavtale med Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti som sikra regjeringa fleirtal på Stortinget, men Venstre deltok ikkje sjølv i regjeringa. Ved stortingsvalet 2017 gjekk Venstre tilbake til 4,4 prosent, men partiet kom over sperregrensa og sikra framleis Høgre/Frp-regjering. Deretter gjekk Venstre i forhandlingar med sikte på ei utviding av regjeringa, og frå januar 2018 vart Grande kulturminister i den utvida regjeringa Solberg. Venstre har i alt tre statsrådar i regjeringa i tillegg til ein ekstra statssekretær ved statsministerens kontor, i Finansdepartementet og Justisdepartementet. Etter regjeringsutvidinga i 2019 fekk Skei Grande også ansvar for likestillings- og diskrimineringsspørsmål.[4]

Som folkevalt starta Skei Grande som varamedlem til Overhalla kommunestyre 1987–1991. Ho var medlem av fylkestinget i Nord-Trøndelag 1991–1995, medlem av Oslo bystyre 1997–1999 og 1999–2003. 2000–2001 var ho byråd for kultur og utdanning i Oslo.

Som stortingsrepresentant 2001–2005 var Skei Grande medlem av kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen. I perioden 2005–2009 var ho medlem av familie- og kulturkomiteen. I perioden 2009–2013 var ho medlem av både kontroll- og konstitusjonskomiteen, kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen og den utvida utanriks- og forsvarskomiteen. Ho var parlamentarisk leiar for Venstre 2001–2005 og frå 2009 til ho gjekk inn i regjeringa Solberg i 2018.

Skei Grande har hatt ei rekkje andre verv. Ho var nestleiar i Norske 4H 1996–1997, leiar i styret for Oslo Konserthus 2008–2010 og leiar i styret for Oslo Kino AS i same perioden.[3]

Stortingskomitear endre

Referansar endre

  1. «Endringer i regjeringen». Regjeringa.no. 17. januar 2018. Henta 18. januar 2018. 
  2. «Endringar i regjeringa». Regjeringa.no. 22. januar 2019. Henta 27. januar 2019. 
  3. 3,0 3,1 «Trine Skei Grande». Allkunne. 23. januar 2019. Henta 27. januar 2019. 
  4. 4,0 4,1 «Trine Skei Grande». Store norske leksikon. 22. januar 2019. Henta 27. januar 2019. 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Trine Skei Grande