Tusjpenn, òg kalla filtpenn, fiberpenn eller berre tusjnorsk, er ulike typar skrive- og teiknepennar. Slike pennar har ulikt fargestoff (tusj, blekk og anna) i ein porøs behaldar i penneskaftet, ein fiberpiss av filt eller nylon og ei tett plasthette slik at ikkje fargestoffet tørkar fast i den fuktige spissen. Nokre tusjpennar med fiberpiss kan etterfyllast med fargestoff, men dei fleste blei kasta når dei er brukt opp eller har gått tørre. Ein annan type tusjpennar er tekniske røyrpennar med blekkpatroner og hole stålspissar.

Billege teiknetusjar i ulike fargar
Tusjpennar i form av ein overstrykingspennar med brei fiberpiss og fluorescerande neonfargar
Delane i ein teknisk tusjpenn, òg kalla røyrpenn og teknisk penn. Slike pennar nyttar blekkpatroner og har ein stålpiss som gjev strek med jamn tjukkleik. Dei blei særleg brukt til tekniske teikningar før digitale teikneprogram blei vanlege.

Historikk endre

Lee Newman tok patent på ein markeringspenn med filtspiss i 1910.[1] I 1926 tok Benjamin Paskach patent på ein fylle-målarkort (fountain paintbrush),[2] som hadde handtak med ein svamp i enden som inneheldt fleire målarfargar. Tusjar av denne typen byrja å bli utbreidde med Sidney Rosenthal sin Magic Marker frå 1953, som var laga av eit glasrøyr med blekk og ein filttråd. I 1958 var filttusjar blitt vanlege til mange ulike bruksområde, som merking og plakatar.[3] I 1962 blei den moderne tusjpennen med fiberspiss (til forskjell frå filtspiss, som vanlegvis er tjukkare) utvikla av Yukio Horie frå Tokyo Stationery Company (seinare Pentel).

Typar tusjpennar endre

Tusjpennar kan ordnast etter bruksområde eller eigenskapar, til dømes festeeigenskapane til fargen, profil på spissen og strektjukkleik. Det finst ei mengd slike pennar med ulike namn. På norsk bruker ein blant anna desse nemningane:

  • Sprittusjar er merkepennar med filttupp der fargestoffet er blanda med giftige løysemiddel som xylen eller toluen. Slike pennar gir permanent, det vil seia vassfast, delvis vaskeekte strek som festar seg på alt frå papir til glatte, ikkje-porøse materiale som plast, glas, metall og stein. Tagging med spritpennar er ofte svært vanskeleg å vaska vekk. Innhaldet i dei tradisjonelle spritpennane er i dag erstatta av mindre helseskadelege løysemiddel.
  • Markerar eller markerpennar er tusjpennar som finst i eit stort fargeutval og ofte har ulik spisstjukkleik i kvar ende. Desse blir brukte av reklamebyrå og designerar når dei skal skissera trykksaker, produkt, kostyme og anna i fargar. Pantone-markerar har fargar som følgjer Pantone Matching System (PMS), deira eige fargesystem som blant anna blir brukt av trykkeri i mange land som industristandard for trykkfargar.
  • Markerings-, merke- eller overstrykingspennar, på engelsk ofte kalla high-lighters eller textmarkers, inneheld lyse og lysande (fluorescerande) neonfargar. Dei blir brukte til å markera noko, til dømes tekst på ein svart-kvit papirkopi eller i ei lærebok.
  • Overheadpennar har fargestoff som sit fast på gjennomsiktige plastfoliar som blir brukte til overhead-prosjektørar
  • Whiteboardpennar blir brukte på whiteboardtavler og andre glatte flatar. Dei kan tørkast vekk frå ikkjesugande materiale.
  • Tekniske tusjpennar har ikkje fiberpiss, men er røyrpennar av metall der flytande tusj lii ein plastpatron i skaftet. Slike pennar finst i ulik strektjukkleik og blri brukt i ulike typar teknisk teikning der streken skal vera tydeleg, skarp og jamn.

I tillegg finst det tusjpennar for meir spesiell bruk, til dømes merkepennar med fargestoff som berre viser i ultrafiolett belysning og blir brukte merking av verdisaker.

Kjelder endre

  1. Lee W. Newman, Marking Pen, U.S. Patent 946,149. 11. januar 1910.
  2. «Fountain paintbrush» (PDF). Freepatentsonline.com. Henta 30. april 2014. 
  3. History of Pens & Writing Instruments[daud lenkje], About Inventors site. Henta 11. mars 2007.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Tusjpenn