Thoothukudi
Thoothukudi, tidlegare kjend som Tuticorin, er hovudstaden i Thoothukudi-distriktet i den indiske delstaten Tamil Nadu og hamneby langs Koromandelkysten, ved Mannarbukta i Indiahavet. Han har også vore ein viktig stad for perlefisking og skipsbygging, og har tilnamnet Perlebyen.
Thoothukudi tamil தூத்துக்குடி | |
---|---|
Hamna i Tuticorin fotografert av William Henry Jackson i 1895. | |
Styresmakter | |
Land Delstat Distrikt |
India Tamil Nadu Thoothukudi |
Geografi | |
Flatevidd - By |
4 621 km² |
Innbyggjarar - By (1991) - Storbyområde |
199 854 280 091 |
Tidssone | IST (UTC+5:30) |
Diverse anna | |
Postnummer | 628xxx |
Telefon-retningsnummer | +91 (0)461 |
Bilnummer | TN 69 |
Historie
endreHistoria til Thoothukkudi går tilbake til 500-talet f.Kr. Han var hamnebyen til Pandyariket. Portugisarane tok makta i 1548, og byen voks. Nederlendarane tok over i 1658, og britane i 1825.
Byen blei senter for den indiske frigjeringsrørsla tidleg på 1900-talet som samlingsstad for leiarar som Subramanya Bharathy, Kattabomman og V.O. Chidambaram Pillai. I 1906 sjøsette den sistnemnde, saman med Bal Gangadhar Tilak, det første swadeshi-skipet herfrå. Indisk skipsfart var sterkt regulert av britane, og utviklinga av eigen handel var viktig for frigjeringsrørsla.
Hamn
endreThoothukudi har lenge virka som hamn for den sørlege delen av Tamil Nadu, mellom anna byane Coimbatore, Madurai og Tirunelveli.
Ei ny kontainerhamn opna i 1974 var den tredje største i India (etter Mumbai og Chennai). Nye Thoothukud hamn ligg 8 km søraust for den gamle hamna og kan ta imot skip som stikk 8,2 meter. Av alle hamner i India er Thoothukkudi den tiande største. Ho står for 7 % av all kontainertransport i India.
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av ein artikkel frå Engelsk Wikipedia .