Tysk i Junior Eurovision Song Contest

Tysk i Junior Eurovision Song Contest gjev oversyn over bruken av det tyske språket i Junior Eurovision Song Contest. Fyrste gongen ein song på tysk vart framført i Junior Eurovision Song Contest var i 2006Serbia debuterte med «Učimo strane jezike» av gruppa Neustrašivi učitelji stranih jezika. Sidan den gong har tre land delteke med til saman fire ulike bidrag som har vorte framført på tysk; to frå Tyskland, eitt frå Albania og eitt frå Serbia. Av landa som kan delta er tysk offisielt språk i Austerrike, Belgia, Liechtenstein, Luxembourg, Sveits og Tyskland.

Bidrag endre

# År Land Artist Song Andre språk Finalen
Plass Poeng
01 2006   Serbia Neustrašivi učitelji stranih jezika «Učimo strane jezike» Serbisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, russisk og spansk 5 81
02 2015   Albania Mishela Rapo «Dambaje» Albansk, engelsk, fransk, italiensk, kunstig, serbisk og tyrkisk 5 93
03 2020   Tyskland Susan «Stronger With You» Engelsk 12 66
04 2021   Tyskland Pauline «Imagine Us» Engelsk 17 61

Sjå òg endre

Kjelder endre