Serbia i Junior Eurovision Song Contest

Serbia debuterte som sjølvstendig nasjon i Junior Eurovision Song Contest i 2006, då tevlinga vart halden i Bucuresti i Romania. I 2005 deltok dei som ein del av Serbia og Montenegro. Etter at Serbia og Montenegro vart oppløyst, bestemte den serbiske kringkastaren RTS at dei ville halde fram deltakinga i Junior Eurovision Song Contest. Deira fyrste bidrag som sjølstendig nasjon var med gruppa Neustrašivi učitelji stranih jezika. Songen deira, «Učimo strane jezike», inneheldt heile åtte språk. Bidraga vart valde gjennom den nasjonale finalen Izbor za dečju pesmu Evrovizije, arrangert av kringkastaren RTS.

Serbia
EuroSrbija.svg
Offisielt Serbia

Radio-televizija Srbije (RTS)
Uttakingar
Nasjonalt 6
Internt 6
Deltaking
Debutår 2006
Deltakingar 12
Beste resultat
Finalen 3 (2007 og 2010)
Verste resultat
Finalen Sist (2016)
Poeng
Totalt 855

I 2011 valde Serbia å ta ein pause frå tevlinga.

I 2014, etter å ha vore vekke frå tevlinga i tre år, vende Serbia attende. Dei valde å gjennomføre ei intern utveljing, og Emilija Đonin blei serbisk representant på Malta med songen «Svet u mojim Očima».

Bidrag i Junior Eurovision Song ContestEndra

År Artist Song Språk Poeng Plass
  2006 Neustrašivi učitelji stranih jezika «Učimo strane jezike» Serbisk, engelsk, fransk, tysk, italiensk, spansk, russisk og japansk 81 5
  2007 Nevena Božović «Piši mi» Serbisk 120 3
  2008 Maja Mazić «Uvek kad u nebo pogledam» Serbisk 037 12
  2009 Ništa Lično «Onaj pravi» Serbisk 34 10
  2010 Sonja Škorić «Čarobna noć» Serbisk 113 3
  2014 Emilija Đonin «Svet u mojim očima» Serbisk 61 10
  2015 Lena Stamenković «Lenina pesma» Serbisk 79 7
  2016 Dunja Jeličić «U la la la» Serbisk 14 17
  2017 Irina Brodić og Jana Paunović «Ceo svet je naš» Serbisk 92 10
  2018 Bojana Radovanović «Svet» Serbisk 30 19
  2019 Darija Vračević «Podigni glas» Serbisk og engelsk 109 10
  2020 Petar Aničić «Heartbeat» Serbisk og engelsk 85 11

RøystgjevingEndra

Serbia har gjeve flest poeng til
Nr. Land Poeng
1   Russland 83
2   Georgia 62
3   Nord-Makedonia 59
4   Armenia 58
5   Kviterussland 52

Serbia har fått flest poeng frå
Nr. Land Poeng
1   Nord-Makedonia 92
2   Nederland 38
3   Russland 37
  Ukraina
5   Kviterussland 31


GalleriEndra

Sjå ògEndra

KjelderEndra