Ulexitt er eit kvitt mineral som finst i avsetningar frå inndampa saltsjøar (evaporitt) (til dømes i Nevada og California i USA, og i Argentina). Det dannar ofte kompakte, parallellfibrige aggregat er. Stykke som er kutta på tvers av fibrane og med endeflatene polert, viser fiberoptiske eigenskapar og blir kalla populært TV-stein (til dømes vil skrift plassert på undersida av steinen kunne avlesast på oversida). Det er eit boratmineral med formel NaCaB5O6(OH)6·5H2O og har triklin symmetri.

Ulexitt

Ulexitt frå California (storleik: 6.9 x 5 x 3.1 cm)
Generelt
KategoriNesoborat
Kjemisk formelNaCaB5O6(OH)6•5(H2O)
Strunz-klassifisering06.EA.25
Dana-klassifisering26.05.11.01
KrystallsymmetriTriklinsk 1 pinakoidal
Einingscellea = 8.816(3) Å, b = 12.87Å, c = 6.678(1) Å; α = 90.25°, β = 109.12°, γ = 105.1°; Z = 2
Identifikasjon
KrystallformNåleforma til trådaktig
KrystallsystemTriklinsk
TvillingPolysyntetisk på {010} og {100}
Kløyvperfekt på {010} god på {110} dårleg på {110}
BrotUjamn
FastleikSprø
Mohs hardleiksskala2.5
GlansGlasaktig; silkeaktig eller fløyelsaktig i trådaktig samlingar
StrekfargeKvit
TransparensGjennomsiktig til ugjennomsiktig
Spesifikk vekt1.95 – 1.96
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparToaksa (+)
Brytingsindeksnα = 1.491 – 1.496
nβ = 1.504 – 1.506 br/>nγ = 1.519 – 1.520
Dobbeltbrytingδ = 0.028
2V-vinkelMålt: 73° til 78°
Ultrafiolett fluorescensKan fluorescere gul, grønaktig gul, kremfarga, kvit under kortbølgja og langbølgja UV
OppløyselegheitLett oppløyseleg i vatn
Andre eigenskaparParallell trådaktig massar kan fungere som fiberoptiske lysrøyr
Kjelder[1][2][3]

Det er kalla opp etter den tyske kjemikaren G. L. Ulex (1811–83).

Kjelder

endre
  • Ulexitt. (2012, 7. november). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/ulexitt.

Bakgrunnsstoff

endre