Ulf Erik Knudsen

norsk politikar

Ulf Erik Knudsen (fødd 20. desember 1964 i Drammen) er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Han vart vald inn på Stortinget frå Buskerud fylke i 1997.

Ulf Erik Knudsen

Fødd20. desember 1964 (58 år)
Drammen kommune
Statsborgar avNoreg
PartiFramstegspartiet
Yrkepolitikar
Utdanna vedHandelshøyskolen BI
Alle verv

Knudsen er den kulturpolitiske talsmannen til partiet. Han er utdanna diplomøkonom frå Bedriftsøkonomisk Institutt 1986-1989, og har mellom anna arbeidd i reklamebyrå, som journalist i Morgenbladet 1989-93, og som konsulent i Aetat 1994-97.

Han var medlem av Drammen bystyre 1987-99 og 2003-2011, og formannskapsmedlem 1995-99. Han var varamedlem i Buskerud fylkesting 1987-1991, og fylkesleiar i Framstegspartiet i Buskerud 1995-98 og frå 2007.

Stortingskomitear endre

Bakgrunnsstoff endre