Opna hovudmenyen
Ulven
Ulven
Latinsk namn Lupus
Forkorting Lup
Genitivsform Lupi
Symbologi Frå arabarane som kalla han Al fahd (panteren)
Rektasensjon 15 h
Deklinasjon −43°
Areal 334 kvadratgrader
nr. 46 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
3
Sterkaste stjerne α Lupi (2,3. mag.)
Meteorsvermar
Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +35° og −90°

Ulven (frå latin Lupus) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. Ulven var eit av dei 48 stjernebileta som astronomen Klaudios Ptolemaios skreiv ned på 100-talet og er i dag eit av dei 88 moderne stjernebileta. Det ligg mellom Kentauren og Skorpionen.

Kjende objektEndra

 
Stjernebiletet Ulven slik det er for det nakne auga.

StjernerEndra

Ulven har kring 30 stjerner av 2. og 3. storleiksklasse og 70 som er større enn sjette, mellom anna fleire dobbeltstjerne eller multippelstjerner.

Dei fleste av dei mest lyssterke stjernene i Ulven er massive medlem r av den nærmaste OB-assosiasjonen, Skorpionen-Kentauren.[1]

DjupromsobjektEndra

Mot nord i stjernebiletet ligg kulehopane NGC 5824 og NGC 5986, og i nærleiken den mørke stjernetåka B 228. I sør ligg to opne hopar, NGC 5822 og NGC 5749, i tillegg til kulehopen NGC 5927 ved austgrensa til Vinkelhaken. På vestresida er to spiralgalaksar og Wolf-Rayet-tåka IC 4406, med somme av dei varmaste stjernene ein kjenner til. IC 4406, òg kalla Netthinnetåka, er ei synliderforma stjernetåke kring 5 000 lysår unna. Ho har støvgater som går gjennom sentrum.[2] Ei anna planetarisk tåke, NGC 5882, ligg mot midten av stjernebiletet. Eksoplaneten Lupus-TR-3b ligg i dette stjernebilete. Den historiske supernovaen SN 1006 skal i følgje forskjellige kjelder ha skjedd 30. april til 1. mai 1006 i stjernebilete.

KjelderEndra

  1. Preibisch, T., Mamajek, E.; Mamajek (2008). «The Nearest OB Association: Scorpius-Centaurus (Sco OB2)». Handbook of Star-Forming Regions 2: 0. Bibcode:2008hsf2.book..235P Check |bibcode= value (hjelp). arXiv:0809.0407. 
  2. Wilkins, Jamie; Dunn, Robert (2006). 3,0 Astronomical Objects: A Visual Reference to the Universe (1st utg.). Buffalo, New York: Firefly Books. ISBN 978-1-55407-175-3. 

BakgrunnsstoffEndra