Vanitas (frå latin, 'det forgjengelege') er eit kristent inspirert motiv eller tema i målarkunst, skulptur og skjønnlitteratur som legg vekt på å minne tilskodaren om å ta omsyn til at livet her på jorda er forgjengeleg, og alle difor må leve slik det høver seg når ein ser alt i eit vidare perspektiv. Ordet vanitas skriv seg frå innleiinga til Forkynnaren (Preikaren) (1:2) i Det gamle testamentet i Bibelen, der det i den latinske vulgata-omsetjinga heiter «Vanitas vanitatum omnia vanitas», 'det forgjengelege ved forgjengelegdomen', som sikter til alt det tomme, fåfengte og forgjengelege i den jordiska verda.

Memento mori, «hugs at du skal døy», ein italiensk vanitasskulptur i tre frå 1800-talet som syner eit halvt levande og eit halvt daudt og oppløyst kvinnehovud.
Vanitasmotiv av den franske kunstmålaren av Simon Renard de Saint-André (1613–1677).

Bileykunst endre

I biletkunsten vert dette temaet som oftast symbolisert ved stillebenoppstillingar av daudingskallar, daude dyr, visne blomar, ljos som nesten er brunne ned, lamper som har slokna, ur (som har stoppa), timeglas som har runne ut eller er i ferd med renne ut, visna blomar eller skrøpelege og forgjengelege gjenstandar som glas, porselen, såpebobler, nøtter, frukt, fisk ogliknande.[1] Dei kan også innehalda element som dance macabre (daudingdans) og liknande. Slike symbol vert i mange høve kombinert med framstillingar av levande unge kvinner eller menn, slik at kontrasten mellom det levande og blømande og det daude og forgjengelege vert framheva.

Vanitas var eit sentralt motiv i biletkunsten på 1600-talet, og var særleg populært i Nederlanda.[1]

Skjønnlitteratur endre

I skjønnlitteraturen kan ein visa til vanitas ved hjelp av symbol, som hovudskallen i Hamlet av William Shakespeare, eller det kan vera bodskapen i ei forteljing, som i Vanity Fair av William Thackeray.

Galleri endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Esaak, Shelley. «vanitas painting». About.com. Arkivert frå originalen 3. april 2013. Henta 8. januar 2013. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Vanitas