Lauk
planteart
(Omdirigert frå Vanleg lauk)
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Lauk (fleirtyding).
Lauk kan visa til ein rund planteknoll frå planter i laukslekta, men blir i daglegtala hovudsakleg brukt om kepalauk eller vanleg lauk (Allium cepa). Lauk finst berre som kulturplante, men det finst nærskylde villaukar i Sentral-Asia.
Lauk | |
Lauk | |
Status | |
Status i Noreg: Framandart som ikkje er risikovurdert | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Aspargesordenen Asparagales |
Familie: | Påskeliljefamilien Amaryllidaceae |
Underfamilie: | Alliaceae Allioideae |
Stamme: | Allieae |
Slekt: | Laukslekta Allium |
Art: | Lauk A. cepa |
Vitskapleg namn | |
Allium cepa |
Den vanlege lauken er utbreidd over heile verda. Han blir brukt rå, steikt, kokt i sausar og supper, sylta og på ei rekkje andre vis. Lauk er særs viktig i indisk matlaging, men blir ikkje rekna som vegetarisk av strenge hinduar og djainar, ettersom å hausta ein lauk drep planta.
I Noreg er kepalauk ein framandart som vart innført som matplante i vikigtida eller tidlegare.[1] Han er funne forvilla spreidde stader, men som tradisjonell produksjonsart er han ikkje risikovurdert i Framandartslista 2018[2]
Kjelder
endre- ↑ Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 215.
- ↑ «Fremmedartslista 2018». Framandartslista 2018. Artsdatabanken. 24. april 2018. Henta 6. mars 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Onion» frå Wikipedia på engelsk, den 31. januar 2008.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) lauk hos Artsdatabanken
- (en) lauk i Encyclopedia of Life
- (en) lauk i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) lauk hos Dyntaxa
- (en) lauk hos ITIS
- (en) lauk hos NCBI
- (en) lauk hos The International Plant Names Index
- (en) lauk hos Tropicos
- (en) Kategori:Allium cepa – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Allium cepa – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Allium cepa – detaljert informasjon på Wikispecies