Vasilij av Rjazan

Vasilij av Rjazan er ein helgen i den ortodokse kyrkja. Han var biskop i Rjazan og levde på andre halvdel av 1200-talet. Det finst ingen informasjon om opphavet hans – kor og i kva for familie han var fødd - men i kyrkjelege songar vert det sunge om at Vasilij var ein tru kristen frå ungdommen av. Som ung mann skal han ha betra han seg både moralsk og andeleg, vunne over synd og spreidd heilagskap i sjel og hjarte.

Vasilij av Rjazan

Fødd13. hundreåret
Daud1295
DødsstadPerejaslav
Yrkeprest
Helgendag10. juni

Liv og gjerning endre

 
St. Vasilij seglar på kappa si med ikonet av jomfru Maria
 
«Vasilijs bøn» - ikonet av Jomfru Maria som St. Vasilij bar på

Dei første gjerningane for Gud gjorde han i Murom. Der vart han munk før han vart eit høgare medlem av prestestanden over kyrkjelyden i Murom og Rjazan. I denne stillinga hjelpte han medlemmer av kyrkjelyden som var komne frå kvarandre etter barbarinvasjonen. Med tru styrkte han utmatta menneske, gav sterkt håp om Guds nåde til særs nedbrotne menneske, og leia dei bortkomne attenjde. Med desse fromme handlingane viste Vasilij seg som ein snill, vis, alltid kjærleg, miskunnsam og audmjuk mann, eit førebilete for reinleik og blygskap – eit døme for kyrkjelyden gjennom bøn, faste og handlingar.

Ein kveld kom nokre folk til Vasilij og såg ei jente som sprang opp trappa hans med støvlar i hendene. Dei ropte: ”Å, biskop, det er uverdig av deg å ha jenter i huset i senga di. Fåfengd forsikra Vasilij menneska om at han var uskuldig i denne utuktige hendinga, men dei rasande menneska ønskte å lynsje helgenen. Dei baktalte og forbanna han og avgjorde at dei skulle jage han bort frå Murom. Det var òg desse menneska som i raseri ropte at dei skulle drepe han for det dei meinte han hadde gjort. Helgenen bønfall dei: «Fedre og brør! Gje meg litt tid, til klokka tre i morgon!». Folk vart overraska over audmjukskapen til Vasilij, lèt han få tid og gjekk heim. Uskuldig bad han med gråt heile natta i Boris og Gleb-kyrkja, gjorde aftansong og om morgonen liturgi. Han messa føre ikonet av Jomfru Maria i Blagovesjenijakyrkja, tok med seg ikonet i håp om hjelp frå Jomfru Maria, gjekk til elva Oka for å reise frå Murom for alltid. Folket hadde gjort i stand ein båt til han, men Vasilij tok kappa si, la ho på vantet, steig opp på kappa og segla i veg mot straumen. Forbløffa over dette mirakelet ropte folket til han: «O helgen, herre Vasilij! Tilgje oss, dine syndande slavar». Men Vasilij forsvann med eit blunk ut av syne på folket.

Etter messa rundt klokka tre forlet Vasilij Murom og klokka ni same dag (til kveldsandakta) kom han til Rjazan, ein distanse på meir frå Murom på meir enn fire tusen kilometer. Segna seier at folket i Rjazan samla seg for kveldsgudteneste i kyrkja, men diakonen som kom for å sette i gang gudstenesta klarte ikkje med alle sine krefter å få fram eit einaste ord. Folket såg på han med forundring. Endeleg kom det ufrivillig frå diakonen: «Eg kan ikkje byrje, Herren er kome, ver glad for Herren!». Og alle prestar, knjazen, bojarar og folk skunda seg til Oka for å ta imot Vasilij og såg han kome seglande med kappe og ikonet av Jomfru Maria, og tok imot han med stor glede.

Gleda varte derimot ikkje lenge, for barbarane gjekk til åtak på Rjazan og øydela alle kyrkjene. Segna seier at Vasilij så drog tilbake til Boris og Gleb-kyrkja på Oka med si mirakuløse kappe og ikonet av Jomfru Maria. Her grunnla han eit nytt eparki og Boris og Gleb-kyrkja vart Boriso-Glebskij-katedralen. Vasilij tente som prest i berre 10 år. Lidingar, arbeid, uro og sorg over synet av sin lidande kyrkjelyd under mongolarane sin invasjon korta ned det hardtarbeidande livet til Vasilij og 16. juli 1295 døydde han. Den heilage kroppen vart gravlagd i Boriso-Glebskij-katedralen.

Leivningane av St. Vasilij vart oppdaga av Feodorit, erkebiskopen av Rjazan, og etter 300 år i jorda hadde kroppen hans enno ikkje starta nedbrytinga. Leivningane vart flytta til Uspenskij-katedralen (i dag Hristorozjdestvenskijkatedralen) 10. juni 1609. På grunn av ei uroleg tid var dei lagd under eit skrin i venstre kor. I 1636 vart det lagd ein gravstein over leivningane, og oppå steinen vart ikonet av Jomfru Maria, «Vasilijs bønn», plassert. I 1753 vart grava gjort om til eit helgenskrin med ikonet av St. Vasilij. I 1834 vart skrinet dekorert.

Over staden der leivningane av St. Vasilij vart oppdaga, nær Boriso-Glebskij-katedralen, vart det i 1712 bygd ein liten steinbygning. I 1834 sette av kyrkjeverja til Boriso-Glebskij-katedralen, Semjon Panov, opp eit støypejernsmonument

Minnefestdagar for St. Vasilij endre

Kjelder endre