Verdscupen i langrenn 1977

Verdscupen i langrenn i 1977-sesongen omfatta 10 individuelle tevlingar og 3 stafettar, alle for menn. Tevlingane tok til 18. desember 1976 og vart avslutta 12. mars 1977. Dei ti individuelle renna bestod av seks tevlingar over 15 kilometer, to over 30 km og to 50-kilometerar. Renna fann stad i Davos (2) i Sveits, Telemark i Wisconsin i USA, Kastelruth i Italia, Reit im Winkl i Vest-Tyskland, Le Brassus (2) i Sveits, Lahti (2) i Finland, Falun (2) i Sverige, og Oslo (2) i Noreg.

Thomas Wassberg frå Sverige vann FIS-pokalen og eitt renn. Juha Mieto frå Finland og Sergej Saveljev frå Sovjetunionen sigra begge i to enkelttevlingar. Matti Pitkänen, Finland, František Šimon, Tsjekkoslovakia, Odd Martinsen, Noreg, Vasilij P. Rotsjev, Sovjetunionen og Thomas Magnusson, Sverige, vann kvar sitt renn.

Individuelt

endre
Plass Utøvar Land Poeng
1 Thomas Wassberg   Sverige 113
2 Juha Mieto   Finland 93
3 Thomas Magnusson   Sverige 90
4 Odd Martinsen   Noreg 85,5
5 Sergej Saveljev   Sovjetunionen 85
6 Gert-Dietmar Klause   Aust-Tyskland 78
7 Oddvar Brå   Noreg 67
8 Sven-Åke Lundbäck   Sverige 66
9 Franz Renggli   Sveits 63
10 Vasilij P. Rotsjev   Sovjetunionen 62
11 Peter Zipfel   Vest-Tyskland 56
12 Jean-Paul Pierrat   Frankrike 54
13 František Šimon   Tsjekkoslovakia 48
14 Hans Speicher   Vest-Tyskland 43
15 Ivar Formo   Noreg 41
16 Matti Pitkänen   Finland 40
17 Magne Myrmo   Noreg 39
18 Georg Zipfel   Vest-Tyskland 38
19 Arto Koivisto   Finland 37
20 Tore Gullen   Noreg 32
21 Juhani Repo   Finland 32
22 Józef Łuszczek   Polen 30
23 Heinz Gähler   Sveits 30
24 Albert Giger   Sveits 30
25 Jevgenij Beljajev   Sovjetunionen 29

Kjelder

endre
  • Sportsboken 77-78. Dreyerbok Stavanger. 1977.