Verdscupen i langrenn 1985/Menn
Verdscupen i langrenn for menn i 1985-sesongen omfatta 10 individuelle tevlingar og 4 stafettar. Tevlingane tok til 9. desember 1984 og vart avslutta 17. mars 1985. Dei 10 indviduelle renna bestod av fem tevlingar over 15 kilometer, tre over 30 km og to 50-kilometerar. Renna fann stad i Cogne i Italia, Davos i Sveits, Seefeld (4) i Austerrike, Vitosja (2) i Bulgaria, Syktyvkar i Sovjetunionen, Lahti i Finland, Falun (2) i Sverige og Oslo (2) i Noreg.
Fjorårsvinnaren Gunde Svan frå Sverige sigra i fem tevlingar og sikra seg FIS-pokalen med stor margin. Nordmennene Pål Gunnar Mikkelsplass, Ove Aunli, Tor Håkon Holte, finske Kari Härkönen og svenske Thomas Wassberg vann kvar sitt verdscuprenn.
Individuelt
endrePlass | Utøvar | Land | Poeng |
---|---|---|---|
1 | Gunde Svan | Sverige | 152 |
2 | Tor Håkon Holte | Noreg | 117 |
3 | Ove Aunli | Noreg | 114 |
4 | Thomas Wassberg | Sverige | 114 |
5 | Pål Gunnar Mikkelsplass | Noreg | 100 |
6 | Torgny Mogren | Sverige | 85 |
7 | Kari Härkönen | Finland | 73 |
8 | Giachem Guidon | Sveits | 71 |
9 | Harri Kirvesniemi | Finland | 66 |
10 | Geir Holte | Noreg | 65 |
11 | Sven-Erik Danielsson | Sverige | 62 |
12 | Arild Monsen | Noreg | 58 |
13 | Maurilio De Zolt | Italia | 49 |
14 | Erik Östlund | Sverige | 41 |
15 | Christer Majbäck | Sverige | 40 |
16 | Oleksandr Batjuk | Sovjetunionen | 40 |
17 | Pierre Harvey | Canada | 40 |
18 | Martin Hole | Noreg | 38 |
19 | Nikolaj Zimjatov | Sovjetunionen | 36 |
20 | Andi Grünenfelder | Sveits | 35 |
21 | Uwe Bellmann | Vest-Tyskland | 33 |
22 | Giorgio Vanzetta | Italia | 31 |
23 | Veijo Hämäläinen | Finland | 29 |
24 | Vladimir Sakhnov | Sovjetunionen | 28 |
25 | Ladislav Švanda | Tsjekkoslovakia | 27 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Skilanglauf-Weltcup 1984/85» frå Wikipedia på tysk, den 5. november 2020.