Verdscupen i langrenn 1996/Menn
Verdscupen i langrenn for menn i 1996-sesongen omfatta 16 individuelle tevlingar og 6 stafettar. Tevlingane tok til 26. november 1995 og vart avslutta 16. mars 1996. Dei 16 individuelle renna bestod av tre tevlingar over 10 kilometer, sju over 15 km, tre tremiler og to femmiler, samt eit sprintrenn over 1,15 km. Sprintrennet var den aller fyrste tevlinga på distansen i verdscupen. Ei tevling der norske Tor Arne Hetland slo tyske Peter Schlickenrider i finalen.
Renna fann stad i Vuokatti og Lahti (2) i Finland]], Gällivare og Falun (2) i Sverige, Davos (2) i Sveits, Brusson og Santa Caterina (2) i Italia, Štrbské Pleso i Slovakia, Nové Město na Moravě (2) i Tsjekkia, Seefeld (2) i Austerrike, Reit im Winkl i Tyskland, Kavgolovo i Russland, Trondheim (2) og Oslo (2) i Noreg.
Norske Bjørn Dæhlie forsvarte topplassen og sikra seg sin fjerde FIS-pokal. Han og andremann Vladimir Smirnov frå Kasakhstan vann begge seks renn. Nordmennene Erling Jevne og Tor Arne Hetland gjekk til topps i kvar si tevling, også russiske Aleksej Prokurorov og finske Jari Isometsä vann ei tevling kvar.
Individuelt
endrePlass | Utøvar | Land | Poeng |
---|---|---|---|
1 | Bjørn Dæhlie | Noreg | 1110 |
2 | Vladimir Smirnov | Kasakhstan | 1034 |
3 | Jari Isometsä | Finland | 617 |
4 | Aleksej Prokurorov | Russland | 544 |
5 | Silvio Fauner | Italia | 508 |
6 | Fulvio Valbusa | Italia | 482 |
7 | Mikhail Botvinov | Russland | 401 |
8 | Thomas Alsgaard | Noreg | 353 |
9 | Torgny Mogren | Sverige | 312 |
Johann Mühlegg | Tyskland | 312 | |
11 | Anders Eide | Noreg | 286 |
12 | Vegard Ulvang | Noreg | 253 |
13 | Anders Bergström | Sverige | 252 |
14 | Mika Myllylä | Finland | 238 |
15 | Erling Jevne | Noreg | 220 |
16 | Niklas Jonsson | Sverige | 218 |
17 | Markus Gandler | Austerrike | 178 |
Sami Repo | Finland | 164 | |
19 | Sergej Tsjepikov | Russland | 164 |
20 | Sture Sivertsen | Noreg | 158 |
21 | Harri Kirvesniemi | Finland | 149 |
22 | Giorgio Di Centa | Italia | 142 |
23 | Markus Hasler | Liechtenstein | 138 |
24 | Henrik Forsberg | Sverige | 134 |
Alois Stadlober | Austerrike | 134 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «1995–96 FIS Cross-Country World Cup» frå Wikipedia på engelsk, den 23. desember 2020.