Verdscupen i skihopping 1996

Verdscupen i skihopping 1996 omfatta 28 individuelle tevlingar og 4 lagtevlingar. Turneringa tok til med eit normalbakkerenn på Lillehammer den 2. desember 1995 og vart avslutta i Holmenkollbakken i Oslo i Tyskland 16. mars 1996. Dei 28 individuelle tevlingane fordelte seg på 8 i normalbakkar, 19 i storbakkar og 1 i skiflygingsbakke.

Andreas Goldberger frå Austerrike vann den store FIS-premien for tredje gong og andre gong i rad. Like bak på andreplass kom Finlands Ari-Pekka Nikkola. Goldberger sigra i seks enkeltrenn, finske Mika Laitinen i fem. Finland sanka flest poeng av landslaga, Noreg enda som nummer 5.

Individuelt

endre
Plass Utøvar Land Poeng Sigrar
1 Andreas Goldberger   Austerrike 1416 6
2 Ari-Pekka Nikkola   Finland 1384 2
3 Janne Ahonen   Finland 1054 2
4 Jens Weißflog   Tyskland 1028 3
5 Masahiko Harada   Japan 982 4
6 Mika Laitinen   Finland 914 5
7 Adam Małysz   Polen 751 1
8 Hiroya Saitō   Japan 747 1
9 Reinhard Schwarzenberger   Austerrike 724 1
10 Primož Peterka   Slovenia 670 2
11 Jani Soininen   Finland 630 1
12 Jinya Nishikata   Japan 623
13 Espen Bredesen   Noreg 592
14 Christof Duffner   Tyskland 505
15 Roar Ljøkelsøy   Noreg 501
16 Eirik Halvorsen   Noreg 417
17 Marco Steinauer   Sveits 415
18 Jaroslav Sakala   Tsjekkia 367
19 Ralph Gebstedt   Tyskland 342
20 Andreas Widhölzl   Austerrike 322
21 Kimmo Savolainen   Finland 308 1
22 Nicolas Jean-Prost   Frankrike 296
23 Sylvain Freiholz   Sveits 292
24 Kenji Suda   Japan 253
25 Dieter Thoma   Tyskland 249

Kjelder

endre