Verdscupen i skihopping 2000

Verdscupen i skihopping 2000 omfatta 26 individuelle tevlingar og 3 lagtevlingar. Turneringa tok til med eit storbakkerenn i Kuopio i Finland den 27. november 1999 og vart avslutta i skiflygingsbakken i Planica i Slovenia 19. mars 2000. Dei 26 individuelle tevlingane fordelte seg på 2 i normalbakkar, 22 i storbakkar og 2 i skiflygingsbakkar.

Martin Schmitt frå Tyskland vann den store FIS-premien for andre år i rad, etter å ha gått til topps i 11-elleve enkeltrenn. Finland sanka fleste poeng av landa, Noreg kom på femteplass.

Individuelt

endre
Plass Utøvar Land Poeng Sigrar
1 Martin Schmitt   Tyskland 1833 11
2 Andreas Widhölzl   Austerrike 1452 7
3 Janne Ahonen   Finland 1437 2
4 Sven Hannawald   Tyskland 1065 4
5 Andreas Goldberger   Austerrike 1034
6 Ville Kantee   Finland 836 1
7 Jani Soininen   Finland 734 1
8 Stefan Horngacher   Austerrike 634
9 Risto Jussilainen   Finland 624
10 Hideharu Miyahira   Japan 567
11 Masahiko Harada   Japan 545
12 Lasse Ottesen   Noreg 535
13 Tommy Ingebrigtsen   Noreg 494
14 Kazuyoshi Funaki   Japan 475
15 Noriaki Kasai   Japan 436
16 Martin Höllwarth   Austerrike 347
17 Matti Hautamäki   Finland 341
18 Michael Uhrmann   Tyskland 283
19 Nicolas Dessum   Frankrike 282
20 Hiroya Saitō   Japan 264
21 Hansjörg Jäkle   Tyskland 262
22 Wolfgang Loitzl   Austerrike 251
23 Roberto Cecon   Italia 236
24 Peter Žonta   Slovenia 234
25 Mika Laitinen   Finland 232

Kjelder

endre