Verdscupen i skihopping 2001

Verdscupen i skihopping 2001 omfatta 21 individuelle tevlingar og 4 lagtevlingar. Turneringa tok til med eit storbakkerenn i Kuopio i Finland den 24. november 2000 og vart avslutta i skiflygingsbakken i Planica i Slovenia 21. mars 2001. Dei 21 individuelle tevlingane fordelte seg på 16 i storbakkar og 5 i skiflygingsbakkar.

Adam Małysz frå Polen var suverent best gjennom sesongen og sikra seg den store FIS-premien, med fjorårsvinnar Martin Schmitt frå Tyskland på ein klar andreplass. Małysz sigra i 11 av dei 21 enkeltrenna. Finland sanka fleste poeng av landslaga, Noreg enda på sjetteplassen.

Individuelt

endre
Plass Utøvar Land Poeng Sigrar
1 Adam Małysz   Polen 1531 11
2 Martin Schmitt   Tyskland 1173 6
3 Risto Jussilainen   Finland 938 1
4 Noriaki Kasai   Japan 728 1
5 Janne Ahonen   Finland 686
6 Matti Hautamäki   Finland 648 1
7 Wolfgang Loitzl   Austerrike 614
8 Stefan Horngacher   Austerrike 566
9 Sven Hannawald   Tyskland 462
10 Jani Soininen   Finland 394
11 Tommy Ingebrigtsen   Noreg 391
12 Andreas Widhölzl   Austerrike 388
13 Martin Höllwarth   Austerrike 374
14 Andreas Goldberger   Austerrike 373
15 Jussi Hautamäki   Finland 328
16 Hideharu Miyahira   Japan 302
17 Ville Kantee   Finland 283 1
18 Veli-Matti Lindström   Finland 277
19 Jure Radelj   Slovenia 265
20 Kazuya Yoshioka   Japan 237
21 Toni Nieminen   Finland 230
22 Michael Uhrmann   Tyskland 184
23 Frank Löffler   Tyskland 180
24 Igor Medved   Slovenia 179
25 Christof Duffner   Tyskland 173

Kjelder

endre