Verdscupen i skiskyting 1979

Verdscupen i skiskyting 1979 tok til den 10. januar og vart avslutta 8. april. Turneringa omfatta 10 individuelle tevlingar. Utøvarane tevla i fem 20 km og like mange 10-kilometerar, òg kalla normalprogram og sprint. I tillegg vart det arrangert fem stafettar over 4 x 7,5 km. Renna fann stad i Jáchymov (3) i Tsjekkoslovakia, Antholz (3) i Italia, Ruhpolding (3) (VM i skiskyting 1979) i Vest-Tyskland, Sodankylä (3) i Finland og Bardufoss. Dei seks beste poeng-fangstane til deltakarane talde med i samandraget i verdscupen.

Klaus Siebert frå Aust-Tyskland vann to av dei ti enkeltrenna og sigra framom landsmannen Frank Ullrich. Aust-Tyskland vann tre av stafettane og Sovjetunionen to av dei.

Individuelt

endre
Plass Utøvar Land Poeng Sigrar
1 Klaus Siebert   Aust-Tyskland 143 2
2 Frank Ullrich   Aust-Tyskland 136 1
3 Vladimir Barnasjov   Sovjetunionen 128 1
4 Aleksandr Tikhonov   Sovjetunionen 114 2
5 Eberhard Rösch   Aust-Tyskland 114
6 Vladimir Alikin   Sovjetunionen 1114
7 Sigleif Johansen   Noreg 110 1
8 Heinz Böttcher   Aust-Tyskland 110
9 Alfred Eder   Austerrike 102
10 Heikki Ikola   Finland 98
11 Anatolij Aljabjev   Sovjetunionen 89
12 Kjell Søbak   Noreg 82
13
14
15 Roar Nilsen   Noreg 69 1

Kjelder

endre