Verdscupen i skiskyting 1990
Verdscupen i skiskyting 1990 tok til 14. desember 1989 og vart avslutta 18. mars 1990. Turneringa omfatta 12 individuelle tevlingar. Renna fann stad i Obertilliach i Austerrike, Antholz i Italia, Ruhpolding i Vest-Tyskland, Walchsee i Austerrike, Oslo i Noreg og Kontiolahti i Finland.
Dei mannleg utøvarane tevla i seks 20 km og like mange 10-kilometerar, òg kalla normalprogram og sprint. I tillegg vart det arrangert fem stafettar over 4 x 7,5 km og ei mannskapstevling på 20 km. Sovjetunionens Sergej Tsjepikov sigra i den totale verdscupen for menn, med fjorårsvinnar Eirik Kvalfoss på andreplass. Tredjemann vart Valerij Medvedtsev, også han frå Sovjetunionen. Jurij Kasjkarov frå Sovjetunionen vann tre enkelttevlingar, austtyske Birk Anders toppa i to tevlingar.
Dei kvinnelege utøvarane tevla i 15 km og 7,5 km, seks renn over kvar av distansane. Dessutan i stafettar med tre på laget og i mannskapstevlingar. Jiřina Adamičková, som representerte Tsjekkoslovakia, gjekk inn til siger i fem av de tolv enkelt-tevlingane for kvinner og sikra seg IBU-pokalen med stor margin. Norske Anne Elvebakk og Sovjetunionens Jelena Golovina kom på andre- og tredjeplass samanlagt, begge vann to enkeltrenn.
Menn
endreIndividuelt
endrePlass | Utøvar | Land | Poeng | Sigrar |
---|---|---|---|---|
1 | Sergej Tsjepikov | Sovjetunionen | 196 | 1 |
2 | Eirik Kvalfoss | Noreg | 192 | 1 |
3 | Valerij Medvedtsev | Sovjetunionen | 161 | 1 |
4 | Frank Luck | Aust-Tyskland | 160 | |
5 | Andreas Zingerle | Italia | 159 | 1 |
6 | Jurij Kasjkarov | Sovjetunionen | 143 | 3 |
7 | Birk Anders | Aust-Tyskland | 140 | 2 |
8 | Gisle Fenne | Noreg | 135 | |
9 | Mark Kirchner | Aust-Tyskland | 133 | 1 |
10 | André Sehmisch | Aust-Tyskland | 127 | 1 |
11 | Thierry Gerbier | Frankrike | 121 | |
12 | Anatolij Sjdanovitsj | Sovjetunionen | 111 | |
13 | Hervé Flandin | Frankrike | 111 | |
14 | Raik Dittrich | Aust-Tyskland | 93 | |
15 | Fritz Fischer | Vest-Tyskland | 88 | |
16 | Alfred Eder | Austerrike | 87 | |
17 | Valerij Noskov | Sovjetunionen | 78 | |
18 | Steffen Hoos | Aust-Tyskland | 72 | |
19 | Alois Reiter | Vest-Tyskland | 71 | |
20 | Johann Passler | Italia | 65 | |
21 | Gilles Marguet | Frankrike | 58 | |
22 | Franz Schuler | Austerrike | 58 | |
23 | Anders Mannelqvist | Sverige | 58 | 1 |
24 | Sergej Bulygin | Sovjetunionen | 58 | |
25 | Hubert Leitgeb | Italia | 53 |
Kvinner
endreIndividuelt
endrePlass | Utøvar | Land | Poeng | Sigrar |
---|---|---|---|---|
1 | Jiřina Adamičková | Tsjekkoslovakia | 213 | 5 |
2 | Anne Elvebakk | Noreg | 183 | 2 |
3 | Jelena Golovina | Sovjetunionen | 181 | 2 |
4 | Tsvetana Krasteva | Bulgaria | 159 | 1 |
5 | Svetlana Davidova | Sovjetunionen | 154 | 1 |
6 | Svetlana Panjutina | Sovjetunionen | 148 | |
7 | Pirjo Mattila | Finland | 134 | |
8 | Jelena Bazevitsj | Sovjetunionen | 133 | |
9 | Svetlana Paramygina | Sovjetunionen | 131 | |
10 | Marija Manolova | Bulgaria | 129 | |
11 | Petra Schaaf | Vest-Tyskland | 128 | |
12 | Synnøve Thoresen | Noreg | 126 | |
13 | Iva Sjkodreva | Bulgaria | 123 | 1 |
14 | Elin Kristiansen | Noreg | 106 | |
15 | Anna Sonnerup | USA | 99 | |
16 | Dorina Pieper | Vest-Tyskland | 99 | |
17 | Luisa Tsjerepanova | Sovjetunionen | 93 | |
18 | Inga Kesper | Vest-Tyskland | 84 | |
19 | Seija Hyytiäinen | Finland | 79 | |
20 | Véronique Claudel | Frankrike | 78 | |
21 | Irene Schroll | Vest-Tyskland | 76 | |
22 | Nadesjda Aleksijeva | Bulgaria | 73 | |
23 | Tuija Sikiö | Finland | 73 | |
24 | Inger Björkbom | Sverige | 69 | |
25 | Martina Stede | Vest-Tyskland | 65 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Biathlon-Weltcup 1989/90» frå Wikipedia på tysk, den 18. mars 2022.