Vesterbygd (norrønt Vestribygð) er eitt av to hovudområde for norrøn busetjing på Grønland etter år 985.

Kart over Vesterbygd i Grønland. Dei raude prikkane markerer kjende restar av gardar.

Området dekker det meste av noverande Nuuk kommune. Det er funne restar etter nesten 95 gardsbruk. På det meste kan busetjinga ha omfatta 1 000 innbyggarar totalt. Den største garden i Vesterbygd var Sandnes.[1]

Historie endre

Folket vandra inn frå Island og Noreg. Kring år 1350 forsvann dei siste menneska derifrå. Frå rundt år 1200 vart vinteren kaldare, med meir havis som gjorde det tiltakande vanskeleg å landsette naudsynte varer.[2] Varebytet var basert på mellom anna kvalfangst ved Diskobukta, sidan narkvaltann var etterspurd i Europa. I starten av 1800-talet iverksette Det kongelige nordiske oldskriftselskab registreringar av norrøne ruinar. I dag kjenner ein til rundt 95 ruingrupper etter gardsanlegg og to kyrkjer.[3] Det er få skriftlege referansar til Vesterbygd, men i Flatøybok vert tre kyrkjer nemnde i Vesterbygd: Sandnes kyrkje i Lysefjord, Hop kyrkje i Agnefjord og Aanevig kyrkje i Rangefjord. Knoklea, særleg reinsdyrgevir, vart i større grad brukt til reiskapar enn i Austerbygd, tolka som teikn på at folk i Vesterbygd hadde dårlegare tilgang på jarn.[4]

Busetjinga i Vesterbygd er sist skildra ein gong mellom 1341 og 1360, då presten Ivar Bardarson i 1341 vart send til Grønland av biskop Håkon i Bergen, truleg som hjelp til biskop Árni den gamle i Garðar. I annalar og gamle brev kjem det fram at Ivar prest lenge hadde vore rådmann i Garðar og på vegne av bispestolen reiste rundt og såg til kyrkjegodset på Grønland. I Vesterbygd fann han berre fråflytta gardar[5] då han kom for å granske tilhøva og «bringe innbyggerne støtte mot eskimoenes angrep». Likevel var der «ingen Mand, endten christenn eller heden, uden noget villdt Fæ og Faaer».[6] På den eine garden kunne arkeologane rekonstruere folka sine siste månadar. Dei flytta ut i fjøset, truleg for å holde varmen. Så vart husdyra slakta og etne, hundane til slutt. Deretter at dei ryper, truleg fanga i snare. Endeleg tyder insektfaunaen på at folka har lege døde i fjøset. Seinare skal dei ha vorte fjerna og gravlagde, truleg av Ivar Bardarson sine folk.[7]

Kjelder endre

  1. «Greenland History». Arkivert frå originalen 7. mai 2012. Henta 13. februar 2011. 
  2. Kristian Sjøgren: «Derfor forsvant vikingenes etterkommere fra Grønland», Forskning 22. juni 2014
  3. Barr, Susan: «Vesterbygd» i Store norske leksikon på snl.no. Hentet 28. januar 2022 fra [1]
  4. Øyvind Fuglestved Bakkevig: «Jakt og jordbruk i Eirik Raudes land», masteravhandling, UiO 2009
  5. «Om islendingers og nordmenns bosetning på Grønland midt i det 14 århundre, og om skjebnen der til de islandske nybyggerne.»
  6. «Ivar Bårdsson» i Store norske leksikon på snl.no. Henta 28. januar 2022.
  7. [Christian Keller: «Hvorfor bosatte vi oss på Grønland?», P2-akademiet bind XXXVI (s. 111), ISBN 9788275961608