Vigdís Finnbogadóttir

islandsk politikar
(Omdirigert frå Vigdis Finnbogadottir)

Vigdís Finnbogadóttir (fødd 15. april 1930) var den fjerde islandske presidenten og hadde embetet frå 1980 til 1996. Ho var den første demokratisk valde kvinnelege presidenten i verda.[1]

Vigdís Finnbogadóttir

Fødd15. april 1930 (94 år)
Reykjavík
Statsborgar avIsland
Yrkepolitikar
InstitusjonarDei sameinte nasjonane
Utdanna vedFaculté des lettres de Paris
Københavns Universitet
Háskóli Íslands
Université Joseph Fourier
Alle verv
  • Islands president (1980–1996) Sjå dette på Wikidata

Liv og virke

endre

Vigdís Finnbogadóttir studerte litteratur og drama ved universitetet i Grenoble, ved Sorbonne i Paris og ved Háskóli Íslands (Universitetet på Island). Ho studerte engelsk og fransk litteratur (med hovudvekt på den dramatiske litteraturen til desse to språka).

Ho var kunstnarleg leiar av teateret i Reykjavík (Leikfélag Reykjavíkur) frå 1972 til 1980.[2] Frå 1976 til 1980 var ho medlem av den rådgjevande kulturkomitéen til Nordisk Råd, og leiar frå 1978 til 1980. I 1982 vart ho tildelt storkrossen med kjede av St. Olavs Orden.

Ved presidentvalet i 1980 vart Vigdís Finnbogadóttir den første kvinna i verda som vart vald til statsoverhovud i eit demokratisk val. Ho vart attvald utan motkandidat i 1984 og 1992, og vann over motkandidaten med overveldande fleirtal ved presidentvalet i 1988.

Vigdís Fínnbogadóttir er «goodwillambassadør» for UNESCO, med spesielt ansvar for å fremje språkleg mangfald, kvinnenes rettar og rett til utdanning.

Kjelder

endre
  1. «Vigdís Finnbogadóttir» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. «Vigdís Finnbogadóttir» (på engelsk). Encyclopedia Britannica. Henta 5. desember 2023. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Vigdís Finnbogadóttir